Ohio av Crosby, Stills, Nash & Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Ohio»
Singel av Crosby, Stills, Nash & Young
B-side «Find the Cost of Freedom»
Utgjeve juni 1970
Innspelt 15. mai 1970
Sjanger Rock
Lengd 2:58
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Neil Young
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi
«Teach Your Children»
(1970)
«Ohio» «Our House»
(1970)

«Ohio» er ein protestsong skriven av Neil Young som ein reaksjon på Kent State-skytinga den 4. mai 1970 og framført av Crosby, Stills, Nash & Young. Han vart gjeven ut som singel med Stephen Stills sin «Find the Cost of Freedom» som B-Side. Singelen nådde 14. plass på den amerikanske singellista. Sjølv om konsertutgåva av songen finst på det doble konsertalbumet Four Way Street frå 1971, finst ikkje studioversjonane av desse songane på noko album før samleplata So Far i 1974. Songen finst òg på samleplata Decade av Neil Young i 1977. Ei konsertutgåve av Young finst òg på Live at Massey Hall, som vart innspelt i 1971, men ikkje gjeven ut før i 2007.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Young skreiv teksten til «Ohio» etter å ha sett bilete av hendinga i Life Magazine.[1] Kvelden då CSN&Y kom til Record Plant Studios i Los Angeles, hadde dei alt øvd inn songen og kvartetten med den faste rytmeseksjonen sin spelte inn songen live i studio på berre få forsøk. Same kvelden spelte dei inn den like direkte B-sida til Stephen Stills.

Innspelinga vart mastra i lag med dei fire bandmedlemmene og raskt gjeven ut av Atlantic. Berre nokre veker seinare kunne ein høyre songen på radio. Dette skjedde trass i at bandet alt hadde hitten «Teach Your Children» på listene. I teksten i omslaget til Decade skreiv Young at «David Crosby gret då han me var ferdig med dette opptaket».[2] Ein kan høyre Crosby synge klagande: «Four, why? Why did they die?» og «How many more?» medan songen tonar ut.

Teksten og reaksjonen[endre | endre wikiteksten]

Tin soldiers and Nixon coming,
We're finally on our own.
This summer I hear the drumming
Four dead in Ohio

Neil Young (1970)

Teksten framkallar den turbulente stemninga av skrekk, raseri og sjokk etter skytinga, særleg linja «four dead in Ohio», som ein kan høyre gjennom songen. «Tin soldiers and Nixon coming» referer til den amerikanske nasjonalgarden som drap fire protesterande studentar og Young la skulda på den amerikanske presidenten, Richard Nixon. Crosby sa ein gong at det at Young nemnte Nixon i teksten var «det modigaste eg nokon gong har høyrt». Etter songen kom ut vart han bannlyst frå mange radiostasjonar fordi han utfordra Nixon-administrasjonen i teksten. Han vart mykje spelt på undergrunns FM-stasjonar i større byar og universitetsbyar. Den amerikanske motkulturen tok gruppa til seg som sine eigne etter denne songen, og dei fire medlemmane fekk status som leiarar og talsmenn gjennom resten av 1970-åra.

Songen vart kåra til den 385. beste songen gjennom tidene av Rolling Stone i desember 2004.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har spelt inn songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McDonough, Jimmy (2002). Shakey. New York: Anchor Books. ss. 345. ISBN 0-679-75096-7. 
  2. Neil Young. Decade. (Reprise Records, 1977).