Long May You Run
| Long May You Run Studioalbum av The Stills–Young Band |
||
| Utgjeve | 20. september 1976 | |
| Innspelt | Criteria Studios i Miami, 16. februar til 7. juni 1976 | |
| Sjanger | Rock, countryrock, folkrock | |
| Lengd | 39:10 | |
| Selskap | Reprise Records | |
| Produsent | Tom Dowd, Don Gehman, Stephen Stills, Neil Young | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Stephen Stills-kronologi | ||
| Illegal Stills (1976) |
Long May You Run | Thoroughfare Gap (1978) |
| Neil Young-kronologi | ||
| Zuma (1975) |
Long May You Run | American Stars 'N Bars (1977) |
Long May You Run er eit album gjeven ut i september 1976 av The Stills-Young Band, eit samarbeid mellom Stephen Stills og Neil Young. Albumet nådde 26. plass på den amerikanske albumlista og selde til gullplate. Dette var det einaste albumet til The Stills-Young Band.
The Stills-Young Band spelte inn albumet og starta på ein turne i 1976 før albumet kom ut, men Young gav seg halvvegs i turneen, og Stills vart tvungen til å avslutte turneen på eiga hand. Bandet var i lag frå juli til oktober 1976.
Albumet kom til etter ønske frå både Young og Stills om å fortsetje samarbeidet dei hadde hatt i Buffalo Springfield-tida. Etter ei stund vart David Crosby og Graham Nash involvert i prosjektet og Long May You Run var ei kort stund meint som det neste albumet til Crosby, Stills, Nash & Young. Crosby og Nash hadde derimot andre plikter i tillegg og måtte gjere ferdig albumet sitt som dei spelte inn i lag, Whistling Down the Wire og medan dei var borte fjerna Young og Stills vokalharmoniane til Crosby og Nash frå masterteipane.[1]
Tittelsporet og den første singelen frå albumet nådde 71. plass på den amerikanske singellista.[2]. Singelen «Midnight on the Bay» nådde ikkje høgare enn 105. plass.
Neil Young spelte «Long May You Run» på det siste showet av The Tonight Show with Conan O'Brien den 22. januar 2010 og han gjorde det same under avslutningsseremonien til Vinter-OL 2010 i Vancouver den 28. februar 2010. Young spelte då solo med munnspel og akustisk gitar.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young (spor 1, 3 5, 6 og 8) og Stephen Stills (2, 4, 7 og 9).
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Long May You Run» | 3:53 | |||||||
| 2. | «Make Love to You» | 5:10 | |||||||
| 3. | «Midnight on the Bay» | 3:59 | |||||||
| 4. | «Black Coral» | 4:41 | |||||||
| 5. | «Ocean Girl» | 3:19 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Let It Shine» | 4:43 | |||||||
| 7. | «12/8 Blues (All the Same)» | 3:41 | |||||||
| 8. | «Fontainebleau» | 3:58 | |||||||
| 9. | «Guardian Angel» | 5:40 | |||||||
Medverkande [endre]
- Neil Young gitar, piano, munnspel, string-synthesizer, vokal
- Stephen Stills gitar, piano, vokal
- Joe Lala perkusjon, vokal
- Jerry Aiello: orgel, piano
- George «Chocolate» Perry: bass, vokal
- Joe Vitale trommer, fløyte, vokal
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Long May You Run» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Zimmer og Diltz, s. 185-6
- ↑ Long mai You Run Songfacts
- Zimmer, Dave og Diltz, Henry. Crosby Stills & Nash: The Authorized Biography (First edition), St. Martin’s Press, 1984. ISBN 0-312-17660-0