Ozelot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ozelot

Status i verda: LC Livskraftig

Ocelot.jpg

Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Slekt: Leopardus
Vitskapleg namn
Leopardus pardalis
Ozelot
Namn på andre språk
Svensk Ozelot
Dansk Ozelot
Engelsk Ocelot
Tysk Ozelot
Fransk Ocelot
Spansk Ocelote
Russisk Otselot (Оцелот)

Ozeloten (Leopardus pardalis, tidlegare Felis pardalis) er eit kattedyr som lever i skog og på steppar i Sør- og Mellomamerika. Han er spesielt kjend for den fine pelsen sin, og vart av den grunn tidlegare rekna som ein sårbar art, men bestanden er no rekna som livskraftig.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ozeloten er gul eller gråaktig avhengig av kor tørr biotopen er. Pelsen er kledd med svarte flekkar og strekar, og vert rekna som særs fin. Kroppslengda er som på ein stor huskatt (65-100 cm), og vekta ligg i overkant av 10 kg.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Ozelotar lever åleine eller parvis i skogar og på steppar frå Mexico til nord i Argentina. Dei jaktar om natta, hovudsakleg på små pattedyr, fugl og krypdyr. Dei sym og klatrar godt, og fangar gjerne byttet sitt i trea.

Kullstorleiken er på 2-4 ungar, som vert fødde om hausten etter at hoa har gått drektig i litt over to månadar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Verdens dyr, Cappelen 1985