Pac-Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pac-Man

Utviklar(ar)Namco
Utgjevar(ar)Namco, Midway Games
DistributørGoogle Play, App Store
SkaparTōru Iwatani
Design(ar)Tōru Iwatani
Plattform(er)Game Boy Advance, Windows Phone, Android, Atari 5200, Commodore VIC-20, Atari 2600, MSX, Commodore 64, Sega Game Gear, Linux, Microsoft Windows, Sinclair ZX Spectrum, Xbox 360, Amiga, DOS, Nintendo Entertainment System, Super Nintendo Entertainment System, iOS, Famicom Disk System, Apple II, Atari 800, Intellivision, Texas Instruments TI-99/4A, IBM Personal Computer, Game Boy Color, Neo Geo Pocket Color, iPod Touch, PlayStation 4, Xbox One
Utgjeving22. mai 1980
Sjangerlabyrintspill
Spelemoduseinspelar
Nettstadhttps://pacman.com/
Ms. Pac-Man→

Pac-Man er eit arkadespel utvikla av Toru Iwatani og gjeve ut av Namco og Midway Games i 1980. Det blei opphavleg gjeve ut i Japan som PUCKMAN i mai 1980, og kom ut i USA i oktober same året som Pac-Man.[1][2]

Spelet blei svært populært, og blei ein forløpar for enkle spel eller casual games. Saman med Space Invaders blei det eit tidleg dataspel med brei kommersiell suksess, og blei del av populærkulturen.[3]

I spelet styrer spelaren ein gul sirkel med munn. Denne går rundt i ein labyrint og et dottar og premiar som han kjem over. Samtidig prøver fire spøkjelse å fange han. Når ein et premiane er det Pac-Man som jagar spøkjelsa ei kort stund.[4] Ein skårer poeng ved å eta, og målet er å eta opp alle dottane på brettet.[5] Den opphavlege utgåva av spelet hadde berre eitt brett.[4]

Pac-Man blei det bestseljande spelet til Atari 2600 med sju millionar selde einingar.[6]

Oppfølgjarar[endre | endre wikiteksten]

Det er seinare gjeve ut over 30 offisielle Pac-Man-spel. Ms. Pac-Man kom ut i 1981 og Baby Pac-Man i 1982.[3]

I 1999 blei PS/GBA-spelet PacMan World gjeve ut i høve 20-årsjubileet til spelet. Dette spelet fekk to oppfølgjarar, Pac-Man World 2 frå 2002 og 25-årsjubileumsspelet Pac-Man World 3 frå 2005 som ein populær klassikar. Til Pac-Man sin 30-årsdag kom Pac-Man Party, der ein også kunne spela klassikarar som Dig-Dug.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Namco Bandai Games Inc. (2. juni 2005). «Bandai Namco press release for 25th Anniversary Edition» (på japansk). bandainamcogames.co.jp/. Arkivert frå originalen 30. desember 2007. Henta October 10, 2007. «2005年5月22日で生誕25周年を迎えた『パックマン』 ("Pac-Man celebrates his 25th anniversary on May 22, 2005", seen in image caption)» 
  2. Long, Tony (10. oktober 2007). «Oct. 10, 1979: Pac-Man Brings Gaming into Pleistocene Era». Wired. Arkivert frå originalen 11. september 2014. Henta 10. oktober 2007. «[Bandai Namco] puts the date at May 22, 1980 and is planning an official 25th anniversary celebration next year.» 
  3. 3,0 3,1 «Pac-Man 30 år», NRK P3 (på norsk), henta 8. februar 2020 
  4. 4,0 4,1 «Dette spillet het opprinnelig «Puck-Man»», PressFire.no (på norsk), henta 8. februar 2020 
  5. «Kjenner du disse Pacman-variantene?», Nettavisen (på norsk), henta 8. februar 2020 
  6. Buchanan, Levi (26. august 2008): «Top 10 Best-Selling Atari 2600 Games». IGN.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]