Palmetrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palmetrast

Status i verda: LC Livskraftig

Palmetrast
Palmetrast

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Dulidae
Slekt: Dulus
Art: D. dominicus
Vitskapleg namn
Dulus dominicus

Palmetrast, Dulus dominicus, er ein liten fugl med lang stjert, den einaste arten i slekta Dulus og familien Dulidae. Han er antatt å vere relatert til sidensvansar, familien Bombycillidae, og nokre gonger klassifisert med denne gruppa. Namnet gjenspeglar den sterke tilknytinga til palmar for næringssøk, kvile og hekking. Palmetrast er nasjonalfugl i Den dominikanske republikken.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Palmetrastar er ca. 20 cm i lengd. Dei er olivenbrune over, og kremfarga med brune striper på undersida. Overgumpen og kantane på primærfjørene er mørk gulgrøne. Dei har nebb i sterk gul og raudbrune auge. Dei manglar den mjuke silkeaktige fjørdrakta av sidensvansar eller silkefuglar. Vaksne er like i utsjånad, umodne fuglar har mørk strupe.

Arten er endemisk til øya Hispaniola, politisk delt mellom Den dominikanske republikk og Haiti, inkludert dei tilstøytande øyane Saona og Gonâve, der han er vanleg og utbreitt. Han lever i området frå havnivå opp til 1500 moh. der det finst savannar med palmar eller andre opne område med spreidde tre. Han er godt tilpassa liv i byparkar og hagar der det finst palmar med føde.

Palmetrastar er mykje sosiale fuglar, ofte sett i små flokkar med fleire par som vil raste tett saman med kroppskontakt.

Hekkesesongen er hovudsakleg frå mars til juni. Fleire byggjer saman store, rotete reir av kvister i palmekroner, hovudsakleg Roystonea-palmeartar. Nokre gonger, i mangel av palmar, kan andre tre eller telefonstolpar brukast. Heile strukturen kan bli opptil 2 meter i tverrsnitt, og inneheld opp til 30 tilstøytande reir med eigne separate kammer og inngangar. Hoene legg kull på 2-4 tett flekkete, grålilla egg.

Palmetrastar lever av frukt og bær, inkludert dei på palmar og på treet Bursera simaruba, så vel som på blomar, særleg dei av epifyttiske orkidear.

Dei er munnrappe og støyande fuglar, med eit stort repertoar av gurgle og kvitrelydar som dei nyttar heile tida i den sosiale åtferda si.

Palmetrast er ein vanleg art innanfor leveområdet på ca. 75 000 km2. Sidan han ikkje nærmar seg grensa for bestandsnedgang etter kriteriet på IUCN raudliste, dvs større reduksjon enn 30 % pr. ti år eller over tre generasjonar, så er han vurdert som livskraftig.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2009. Dulus dominicus. In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.3. <www.iucnredlist.org>. Lest 23 september 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]