Syltetøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordbærsyltetøy på eit vindauge.

Syltetøy eller sylte er eit pålegg laga av kokt og/eller most frukt eller bær oftast blanda med eit søtningsstoff som normalt er sukker.

Syltinga er ein effektiv måte å ta vare på matvarer på. Når blandinga når ein temperatur på 104 °C vil syra og pektinen i frukta reagera med sukkeret. Etter dette blir syltetøyet stivt når det kjøler seg ned. Nokre frukttypar, som bringebær, solbær, stikkelsbær, rips, eple og sitrusfrukt, har høgt pektininnhald og reagerer lett på den forventa måten. For andre typar, som jordbær og bjørnebær, må ein tilsetja pektin eller andre stoff for å få tjukk konsistens på blandinga. Syltetøy kan òg lagast av ei blanding av ulike frukter og bær.

Ut frå kva fruktdelar ein tek med kan ein få ulik konsistens på syltetøyet. Som regel vil det innehalda frø og bitar av tynne fruktskal. Dersom ein filtrerer fruktmassen slik at det blir klårt, blir produktet kalla gelé. Tek ein med bitar av tjukkare fruktskal frå til dømes appelsin blir det kalla marmelade.

Syltetøy på kavring.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fikensyltetøy på ei brødskive.

Syltetøy har vore kjend som preserveringsmåte i lang tid. Den greske teknikken med å ta vare på kveder ved å koka dei i honning er skildra i den einaste kjende romerske kokeboka, frå rundt 400, skriven av Apicius. Seinare blei skikken med å sylta med sukker frå sukkerrøyr innført frå Karibia til Europa.

I Noreg har ein lange tradisjonar for å sylta syltetøy. I dag har færre folk tid til å hausta det som trengst og laga til, og det er dermed blitt vanleg å kjøpa fabrikkprodusert syltetøy.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

«Syltetøydirektivet» frå EU (Rådets direktiv 79/693/EEC, 24 July 1979, og vidare eit direktiv frå 2001) sette eit minimumskrav til kor mykje «frukt» eit syltetøy måtte innehalda. På grunn av dei mange ulike syltetøya ein lager innan unionsområdet fekk frukt ein nokså utvida definisjon som inkluderte «tomatar, rabarbrastilkar, gulrøter, søtpoteter, agurkar, graskar, melonar og vassmelonar».

Anna[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Syltetøy