Pavel Tsjistjakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valentin Serov: Portrett av Pavel Tsjistjakov, 1881

Pavel Petrovitsj Tsjistjakov[1] (5. juli 183211. november 1919) var ein russisk målar og lærar i målekunst. Han var fødd i Tver oblast, og døydde i Detskoje Selo, som i dag er ein del av St. Petersburg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tsjistjakov studerte ved St. Petersburgs kunstakademi (1849-61) under Petr Basin. 1860-64 underviste han ved ein teikneskule driven av St. Petersburgs avdeling av Selskapet til framhjelp for kunstnarar. I perioden 1863-70 mottok han stipend og studerte då for det meste ved kunstakademi i Paris og Roma.

Frå 1872 underviste Tsjistjakov ved St. Petersburgs kunstakademi. År 1892 fekk han plass i akademiet sitt råd og vart professor. Han var styrar ved avdelinga for mosaikk-kunst (1890-1912). Frå 1908 til 1910 leidde han kunstverkstaden.

Tsjistjakov sin kunstpedagogikk utvikla seg i ein vedvarande strid mot den strenge akademismen som rådde i russiske kunstakademia i 1860- og 70-åra. Han og hans mange elevar spela ei stor og avgjerande i utviklinga av realisme-stilen i russisk kunst dei siste tiåra av det 19. hundreåret. Mellom Tsjistjakov sine elevar fann ein Viktor Vasnjetsov, Mikhail Vrubel, Vasilij Polenov, Ilja Repin, Valentin Serov og Vasilij Surikov.

Bojar, 1876

Tsjistjakovs hovudmål som kunstlærar var å utvikle dei faglege evnene, profesjonaliteten hos kunstmålaren. Hans pedagogiske metode sikta mot å smelte kunstnaren sin persepsjon og oppleving av naturen i hop med den vitskaplege kunnskapen.

I eiga målargjerning streva Tsjistjakov mot å få fram det dramatiske ved ei historisk hending, og det fortetta, psykologiske i historiske portrett og tradisjonelle portrett (Hovud av ei ciucciara [italiensk jente], 1864, i Russlands Museum i St. Petersburg, og, Bojar, 1876, i Tretjakovgalleriet i Moskva).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pavel Tsjistjakow

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Па́вел Петро́вич Чистяко́в