Pentti Kokkonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pentti Juhani Kokkonen (fødd 15. desember 1955) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Jämsä. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1978/79, og var både i 1984 og -85 med på Finlands lag som begge gongane vart verdsmeistrar i skihopping for lag. Kokkonen representerte Lahden Hiihtoseura.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kokkonen debuterte internasjonalt 30. desember 1976 i den tysk-austerrikske hoppveka. Under VM 1978 heime i Lahti vart han nummer fem og beste finne i normalbakken. Høgdepunktet som aktiv opplevde han under den tysk-austerrikske hoppveka 1978/79. Etter sigrar i Innsbruck og Bischofshofen, samt tidlegare tredjeplassar i Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen vann han hoppveka med heille 33 poengs margin til toaren, Hansjörg Sumi frå Sveits.

Under vinter-OL 1980 i Lake Placid kom Kokkonen atter på femteplass i normalbakken. To år seinare var han best i storbakken under ski-VM 1982 i Oslo, der han vart nummer seks. I laghoppinga under den same meisterskapen vart det VM-bronse på Kokkonen og Finland, dei andre på laget var Keijo Korhonen, Jari Puikkonen og Matti Nykänen.

To år seinare, i mars 1984, vart Kokkonen verdsmeister i laghopping i Engelberg i Sveits. Saman med førnemnde Puikkonen og Nykänen, samt Markku Pusenius, vann Kokkonen og Finland ein suveren siger framom Aust-Tyskland. Tidlegare i OL-sesongen 1984 vart Kokkonen nummer 12 og 14 i dei to OL-tevlingane i skihopping i Sarajevo.

Kokkonen, Nykänen og Puikkonen gjentok VM-bragda og sikra Finland eit nytt VM-gull i laghopping under ski-VM 1985 i Seefeld, då var Tuomo Ylipulli fjerdemann på meisterlaget. Kokkonen vart elles nummer åtte i storbakkerennet i Seefeld.

Mellom 1981 og desember 1984 kunne Kokkonen klive opp på pallen i fleire verdscuprenn, men aldri heilt til topps. Han la opp etter 1986-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]