Per Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Aas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1929
Ballangen
Død

18. mai 2014 (84 år)
Harstad kommune

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Per Almar Aas (11. juni 192918. mai 2014) var ein norsk arbeidar, skulemann og politikar frå Ballangen i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti og Troms fylke i fire samfulle periodar frå 1973 til 1989.

Aas var son til ein småbrukar og skomakar. I tida 1945-50 arbeidde han på gard, i skogen og i handverksproduksjon i heimbygda. Han jobba i 1951 ei kortare tid i Snåsa, før turen gjekk til Ørsta og Volda. Etter tre år der med mellom anna fabrikkarbeid, gjekk han skuleåret 1954/55 på Fredheim folkehøgskule. Frå 1955 til utdanna han seg på lærarskulane i Nesna og i Tromsø. I 1959 vart tilsett som lærar ved Fauskevåg skole i Harstad, sidan var han styrar av same skulen i tolv år til 1973.

Aas var medlem i Harstad bystyre 1968-75, og åra 1970-73 landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti. Hausten 1973 vart han vald til å representere partiet og Troms fylke på Stortinget. Dei neste seksten åra var Aas medlem i Samferdslekomitéen på Tinget, den siste fireårsperioden som sekretær i komitéen.

Frå 1991 til -98 var Aas driftsleiar ved Nord-Hålogaland Stiftsgård. Han var elles medlem av Riksrevisjonen 1991-94, og hadde plass i Noregs Bank sitt representantskap frå 1998 til 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]