Peter Ludvig Meidell Sylow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Ludvig Meidell Sylow

Peter Ludvig Meidell Sylow (12. desember 18327. september 1918) var ein norsk matematikar som leverte viktige bidrag til gruppeteori, ei grein av matematikken der norske matematikarar som Abel og Lie òg gjorde viktige gjennombrot. Sylow er mest kjent for Sylow-teorema innan gruppeteori.

Sylow vart fødd og voks opp i Kristiania. Han studerte matematikk heilt fra skuledagane og i 1856 tok han reallærareksamen. Han var ein av elevane til Ole Jacob Broch, som fekk han til å utforska Abels sine elliptiske funksjonar. Etter kvart vart han meir interessert i Abel sitt likningsteoretiske arbeid. Saman med Lie gav Sylow ut Nils Henrik Abel sine samla verk. Sylow var redaktør for Acta Mathematica frå 1894 og underviste ved Universitetet i Oslo frå 1898. Etter råd frå Carl Anton Bjerknes gjorde han seg kjent med arbeidet til Galois og Kronecker.

Då han var ferdig med studiane var det ikkje nokon ledige stillingar ved Universitetet i Oslo, så i 1858 tok Sylow til som overlærar i Halden. Der vart han i 40 år, med nokre små avbrekk. I 1894 vart Sylow utnemnt til æresdoktor i København. Sjølv om han tidleg vann respekt i utlandet - spesielt på grunn av arbeidet han hadde utført innan gruppeteori - var han lenge så godt som anonym i Noreg. I 1898 vart han utnemnt til ekstraordinær professor av Stortinget og han heldt fram med å førelesa til han var nær 85 år gamal.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Théorèmes sur les groupes de substitutions, i Mathematische Annalen 1872, s. 584–594
  • Œuvres complètes de Niels Henrik Abel (redigert saman med Sophus Lie), 2 bd., 1881
  • Sur la multiplication complexe des fonctions elliptiques, i Journal de Mathématiques pures et appliquées, serie 4 bd. 3, Paris 1883, s. 109–254
  • Sur les groupes transitifs dont le degré est le carré d'un nombre premier, i Acta Mathematica 11, 1887–88, s. 201–256
  • Breve til og fra Abel (redigert saman med E. Holst), i Festskrift ved hundreaarsjubilæet for Niels Henrik Abels fødsel, 1902, s. 1–128
  • Abels studier og hans opdagelser, sst., (separat paginering) s. 1–56

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]