Peter Prevc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Prevc


Statsborgarskap Slovenia
Fødd 20. september 1992 (31 år)
Kranj
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2010, Skihopping under Vinter-OL 2014 – Normalbakke menn, Skihopping under Vinter-OL 2014 – Stor bakke menn, Vinter-OL 2018

Utmerkingar

Bloudek-prisen, Red za zasluge, Årets idrettsutøver i Slovenia

Peter Prevc (fødd 20. september 1992) er ein slovensk skihoppar som representerer SK Triglav Kranj. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme tok Prevc sølvmedaljen storbakken[1] og bronsemedaljen normalbakken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Peter Prevc i 2014

Prevc debuterte i desember 2009 i verdscupen med ein 22. plass på Lillehammer. Han var med i Slovenias tropp til vinter-OL i Vancouver, der han vart nummer sju i normalbakken. I VM på ski i Oslo i 2011 vart han som best nummer 17 i normalbakken, før han så var med å hoppe Slovenia til ein bronsemedalje i lagtevlinga i storbakken.

Prevc fekk sitt gjennombrot i januar 2012, då han vart nummer fire og seks i dei to verdscuprenna i Zakopane. Seinare i sesongen fekk han ein fjerdeplass i Willingen.

I 2013-sesongen var han med på Slovenias lag som tok to sigrar i verdscupen for lag. Før verdsmeisterskapen på ski hadde han enno ikkje nådd ei individuell pallplassering i verdscupen. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme imponerte Prevc stort med ein tredjeplass i normalbakken, og deretter med å ta sølvmedaljen i storbakken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Peter Prevc – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • Peter Prevc ved FIS