Ole Gunnar Fidjestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Gunnar Fidjestøl (fødd 21. mars 1960) i Kristiansand er ein norsk, tidlegare skihoppar. I 1988 nådde Fidjestøl toppen då han vart verdsmeister i skiflyging. Frå laghopping har han sølvmedaljar frå verdsmeisterskapane 1987 og 1989, og bronsemedalje frå Vinter-OL 1988. I verdscupen elles hadde han fire sigrar, fire andreplassar og tre tredjeplassar. Beste samanlagtplasseringa i verdscupen, ein fjerdeplass, oppnådde han i 1989-sesongen. Han vart noregsmeister fire gonger, 1987, 1988 og i begge bakkane i 1990, då han vart tildelt kongepokalen. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han totalt som best nr fem i 1983/84. Fidjestøl, som tevla for Vikersund IF, var på sitt beste i dei store bakkane og då særleg i skiflygingsbakkkar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Nr 4 i Holmenkollen (debut)
  • 1983/84: Nr 3 i Oberstdorf
  • 1985: Vinnar i Harrachov (skiflyging)
  • 1986: Nr 6 i Planica
  • 1987: Siger i Planica og to andreplassar
  • 1988: Verdsmeister i skiflyging i Oberstdorf. Nr 2 i Holmenkollen
  • 1989: To sigrar; Oberhof og Harrachov (skiflyging), samt ein andreplass
  • 1990: To tredjeplassar; Bischofshofen og Zakopane
  • 1990/91: To 9. plassar
  • 1992: Nr 12 i VM i skiflyging i Harrachov

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1984: Nr 5 i storbakken i Meldal
  • 1985: Nr 5 i storbakken i Bærum
  • 1986: Bronsemedalje i storbakken i Oslo
  • 1987: Gullmedalje i storbakken på Odnes
  • 1988: Bronsemedalje i storbakken på Rena
  • 1989: Gullmedalje i storbakken på Odnes
  • 1990: Gullmedalje både i normalbakken i Fluberg og i storbakken i Meldal
  • 1991: Nr 5 både i normalbakken på Rognan og i storbakken i Bærum
  • 1992: Nr 4 i storbakken i Trondheim

Fidjestøl la opp i 1992. Han var utteken til å hoppe med OL-fakkelen under opningsseremonien på Lillehammer 1994, men fall under eit prøvehopp og vart så skadd at Stein Gruben tok over.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar