Pianokonsert nr. 19 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pianokonsert nr. 19 i F-dur
K. 459
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert11. desember 1784
Typisk lengd27:26
Satsar/akter3
ToneartF-dur

Pianokonsert nr. 19 i F-dur, KV. 459 av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven mot slutten av 1784: I følgje Mozart sjølv var verket ferdig den 11. desember. Han vert stundom kalla «den andre kroningskonserten» fordi Mozart spelte han under kroninga av Leopold II i Frankfurt am Main i oktober 1790. Det signerte partituret ligg i dag Jagiellónska bibliotek i Kraków. Den første utgåva vart produsert av Johann Andre frå Offenbach i 1794 og Breitkopf & Härtel produserte ei utgåve i 1800. Som alle solokonsertane til Mozart er det i tre satsar:

  1. Allegro 4/4
  2. Allegretto 6/8, i C-dur
  3. Allegro assai 2/4

Konserten var skriven for Mozart sjølv. Hutchings har kalla det «atletisk» med ein kombinasjon av ynde og kraft. Det er skriven for fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn og strykarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]