Pianokonsert nr. 18 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pianokonsert nr. 18 i H-dur
K. 456
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 30. september 1784
Typisk lengd 30:03
Satsar 3

Pianokonsert nr. 18 i H-dur, KV. 456 er eit concertante-verk for piano, eller pianoforte og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart sjølv daterte konserten til 30 september 1784.[1]

I fleire år spekulerte historikarar på om Mozart hadde skriven denne solokonserten for Marie Theresa von Paradis, basert på brev skrivne på denne tida av Leopold Mozart til dottera hans Nannerl. Hermann Ullrich har derimot sett bort frå denne teorien og basert datoen på notata til Mozart sjølv og at von Paradis reiste til Paris i byrjinga av oktober 1784, som indikerte at det ikkje var nok tid til å sende von Paradis konserten så ho kunne spele han.[1]. Richard Maunder meinte at Mozart likevel kunne ha hatt tid til å sende konserten til Paris og vidare til von Paradis i London, der ho kanskje spelte verket i mars 1785.[2]

Verket er skriven for solo piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn og strykarar. Konserten består av tre satsar:

  1. Allegro vivace
  2. Andante i g-moll
  3. Allegro vivace

Mozart skreiv to forskjellige kadensar for den første satsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ullrich, Hermann (October 1946). «Marie Theresia Paradis and Mozart». Music & Letters 27 (4): 224–233. doi:10.1093/ml/27.4.224. JSTOR 727582. 
  2. Maunder, Richard (1991). «J.C. Bach and the Early Piano in London». Journal of the Royal Musical Association 116 (2): 201–210. doi:10.1093/jrma/116.2.201. JSTOR 766338. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]