Pianokonsert nr. 5 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pianokonsert nr. 5 i D-dur
K. 175
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1773
Typisk lengd 21:05
Satsar 3

Pianokonsert nr. 5 i D-dur, K. 175, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1773, då han var 17 år gammal. Det er den første originale pianokonserten til Mozart. Dei tidlegare konsertane hans var basert på verk av andre komponistar.

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Verket er skriven for to oboar, to horn, to trompetar, pauke og strykarar og var den einaste konserten med trompetar og pauke fram til Nr. 13, K. 415.

Merk at berre den første og siste satsen har delar for trompet og pauke.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Dei tre satsane i konserten er:

  1. Allegro
  2. Andante ma un poco adagio
  3. Rondo: Allegro

Med to heilnotar, er den mektige finalen i konserten storarta, men framleis ufullkomen. Mozart taklar eit problem i denne allegroen, korleis innføre kontrapunktiske element i ein sats på sonateform. Dette problemet skulle han vende attende til fleire gonger seinare. Mozart komponerte seinare ein meir melodirik rondofinale for denne konserten, fordi han meinte den ville falle meir i smak hos publikum i Wien.

Konserten var ein av favorittane til Mozart og er nemnd i fleire av breva hans.[1] Han spelte stykket på konsertar fram til året han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hutchings (sjå Sources), s. 49-50.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]