Pianokonsert nr. 21 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pianokonsert nr. 21 i C-dur
K. 467
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 9. mars 1785
Typisk lengd 27:19
Satsar 3

Pianokonsert nr. 21 i C-dur, K. 467, var eit verk skriven ferdig den 9. mars 1785 av Wolfgang Amadeus Mozart, fire veket etter den førre D-moll-konserten.[1][2]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Verket består av tre satsar.

  1. Allegro maestoso
  2. Andante i F-dur
  3. Allegro vivace assai

Den kjende andanten er i tre delar og vart nytta i den svenske filmen Elvira Madigan i 1967.[1][3] Musikken vart spelt under ein doven båttur på ein roleg innsjø. Dette har ført til at satsen og konserten har fått kallenamnet Elvira Madigan.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort mange innspelingar av stykket av kjende pianistar, som Geza Anda, Piotr Anderszewski, Vladimir Ashkenazy, Daniel Barenboim, Malcolm Bilson, Alfred Brendel, Robert Casadesus, Annie Fischer, Friedrich Gulda, Stephen Hough, Keith Jarrett, Wilhelm Kempff, Walter Klien, Alicia de Larrocha, Rosina Lhevinne, Dinu Lipatti, Radu Lupu, Murray Perahia, Marie João Pires, Maurizio Pollini, Arthur Rubinstein, Fazil Say, András Schiff, Artur Schnabel, Rudolf Serkin, Howard Shelley, Mitsuko Uchida og Christian Zacharies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Steinberg, Michael, The Concerto: A Listener's Guide, s. 305-307, Oxford University Press (1998) ISBN 0-19-510330-0
  2. Hutchings, A. 1997. A Companion to Mozart's Piano Concertos, s. 135-142, Oxford University Press. ISBN 0-19-816708-3
  3. [|Small, Allan] (1996). Alfred's Basic Piano Library: Classic Themes Level 5. Alfred Publishing Co., Inc.. ss. 12, 13. ISBN 0-7390-0356-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]