Rondo for piano og orkester i D-dur av Mozart
| Rondo for piano og orkester i D-dur K. 382 Rondo av Wolfgang Amadeus Mozart frå verket Piankonsert nr. 5 |
||
| Periode | Wienerklassisismen | |
|---|---|---|
| Komponert | 1782 | |
| Første framføring | 1782 | |
| Typisk lengd | 9:32 | |
Rondo for piano og orkester i D-dur, K. 382 er ein tre satsar lang konsertrondo for piano og orkester komponert av Wolfgang Amadeus Mozart. Han var meint av Mozart som ein ny finale for hans Pianokonsert nr. 5 i D-dur.[1]
Innhaldsliste |
Bakgrunn [endre]
Stykket vart komponert tidleg i 1782[2] av Mozart som ein alternativ sistesats til hans Pianokonsert nr. 5, eit stykke han komponerte i desember 1773, då han var 18 år.[3] Han komponerte rondoen på grunn av fleire høve. Han rekna bruken av sonate-form-satsen for komplisert for samanhengen satsen var skriven i,[1] og skreiv derfor denne alternative endinga som ein variasjon. Mozart hadde akkurat flytta frå heimbyen Salzburg til Wien i 1781,[4] der han måtte byggje seg opp eit godt rykte for å sikre seg inntekter. Han gjorde dette gjennom komponeringa, læring og pianokonsertar. Sidan han ikkje hadde så mange originale pianokonsertar i sitt eige namn, var det her Mozart la ned ein del arbeid. Den 5. pianokonserten hans hadde vore ein stor suksess i Mannheim, som han vitja i 1777 på ei reise til Paris.[5] Han skreiv derfor om dette verket for å tilpasse det publikumet i Wien føre den viktige pinsekonserten den 3. mars 1782. Rondoen var meir melodirik enn føregjengaren og var særs populær hos publikum, og han måtte derfor spele han to gonger.[3]
Instrumentering [endre]
Sidan han erstatta finalen i Pianokonsert nr. 5, er instrumenteringa for rondoen om lag den same. Utanom pianoet, finn ein to oboar, to trompetar, to horn, pauke og strykarar.[1]. Rondo nyttar den same instrumenteringa i tillegg til ei fløyte.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rondo for Piano and Orchestra in D major (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Philips Digital Classics 'Complete Mozart Edition- Piano Concerto '; Label Number 464 800-2
- ↑ Article at Pianopedia
- ↑ 3,0 3,1 Article at www.classicalarchives.com
- ↑ Biography at mozartproject.org
- ↑ Article at mozartones.com
Bakgrunnsstoff [endre]
- Rondo in D KV 382: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Rondo in D, K. 382: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
|
|
|
|---|---|
| Barnearrangement | |
| Salzburg-konsertane | |
| Konsertar for to og tre piano | |
| Tidlege Wien-konsertar | |
| Store Wien-konsertar |
Nr. 14 i Ess-dur, K. 449 · Nr. 15 i B-dur, K. 450 · Nr. 16 i D-dur, K. 451 · Nr. 17 i G-dur, K. 453 · Nr. 18 i B-dur, K. 456 · Nr. 19 i F-dur, K. 459 · Nr. 20 i D-moll, K. 466 · Nr. 21 i C-dur, K. 467 · Nr. 22 i Ess-dur, K. 482 · Nr. 23 i A-dur, K. 488 · Nr. 24 i C-moll, K. 491 · Nr. 25 i C-dur, K. 503 |
| Seinare konsertar | |
| Konsertrondoar |
D-dur, K. 382 · A-dur, K. 386 |
| Musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart | |