Rondo for piano and orkester i A-dur av Mozart
| Rondo for piano og orkester i A-dur K. 386 Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart |
||
| Periode | Wienerklassisismen | |
|---|---|---|
| Komponert | 1782 | |
| Typisk lengd | 8:34 | |
Rondo for piano og orkester i A-dur, K. 386 er ein konsertrondo av Wolfgang Amadeus Mozart, som Alfred Einstein meiner vart komponert seint i 1782.[1]
Komposisjon [endre]
Mozart skreiv Rondo i A om lag samstundes som dei første tre pianokonsertane hans i Wien, nr. 11, 12 og 13.
Ein trudde tidlegare at Mozart ikkje hadde skrive dette stykket ferdig,[2] fordi då Constanze Mozart selde manuskriptet i 1799 til J. A. André, mangla dei siste sidene. Alan Tyson oppdaga dei tidlegare tapte sidene i British Library i 1980. [3]
Musikkvitaren Alfred Einstein meiner at stykket var meint som anten den originale finalen eller ein erstattande finale for hans Pianokonsert nr. 12 av Pianokonsert nr. 12 i A.[1] Begge stykka er i same toneart, og begge vart komponert i same tidsrom. Det er likevel nokre store skilnader. Dei tre konsertane som Mozart komponerte var a quattro (med berre fire strykarar som akkompagnement), medan ein rondo ikkje kan vere det, sidan celloane har ei sjølvstendig linje frå bassane.[4] Den første sida av manuskriptet hadde òg tittel og var datert av Mozart, noko som indikerer at det var eit frittståande stykke.[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rondo for Piano and Orchestra in A major (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Article at mozartforum.com
- ↑ Article at www.classicalarchives.com
- ↑ Ch. 17, "The Rondo for Piano and Orchestra, K. 386," s. 262-289, i Alan Tyson, Mozart: Studies of the Autograph Scores, Cambridge, MA: Harvard University Press, 1987. ISBN 0-674-58831-2.
- ↑ Philips Digital Classics 'Complete Mozart Edition- Pianokonserts'; Label Number 464 800-2.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Rondo in A KV 386: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Rondo in A, K. 386: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
|
|
|
|---|---|
| Barnearrangement | |
| Salzburg-konsertane | |
| Konsertar for to og tre piano | |
| Tidlege Wien-konsertar | |
| Store Wien-konsertar |
Nr. 14 i Ess-dur, K. 449 · Nr. 15 i B-dur, K. 450 · Nr. 16 i D-dur, K. 451 · Nr. 17 i G-dur, K. 453 · Nr. 18 i B-dur, K. 456 · Nr. 19 i F-dur, K. 459 · Nr. 20 i D-moll, K. 466 · Nr. 21 i C-dur, K. 467 · Nr. 22 i Ess-dur, K. 482 · Nr. 23 i A-dur, K. 488 · Nr. 24 i C-moll, K. 491 · Nr. 25 i C-dur, K. 503 |
| Seinare konsertar | |
| Konsertrondoar |
D-dur, K. 382 · A-dur, K. 386 |
| Musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart | |