Pianokonsert nr. 11 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pianokonsert nr. 11 i F-dur
K. 413
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1783
Typisk lengd 22:26
Satsar 3

Pianokonsert nr. 11 i F-dur, , KV. 413 (387a i sjette utgåve av Köchel-katalogen) av Wolfgang Amadeus Mozart var den andre av tre tidlege konsertar han skreiv medan han var i Wien, hausten 1782 (i følgje den siste utgåva av Köchel-katalogen, vart KV. 414 skriven først). Det var den første fulle solokonserten han skreiv for bestillingskonsertane han gav i byen. Den signerte utgåva finst i dag i Jagiellońska bibliotek i Kraków og ein annan, uferdig kopi, som Mozart førte til Salzburg i 1783, finst i St. Peter-klosteret i Salzburg. Konserten er i tre satsar:

  1. Allegro i 3/4
  2. Larghetto i 4/4 (i B-dur)
  3. Tempo di menuetto i 3/4

Han er skriven for to oboar, to fagottar (berre andre sats), to horn og strykarar. Sjølv om blåseinstrumenta ikkje spelar ei viktig rolle gjennom konserten, skreiv Mozart ei utgåva av konserten for berre strykarar og piano.

Takten er noko uvanleg. Mozart skreiv berre to andre konsertar der første sats startar i 3/4 4 (Nr. 14, KV. 449 og nr. 24, KV. 491).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 11 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Girdlestone, C. M. Mozart's piano concertos. Cassell, London.
    • Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press.
    • Mozart, W. A. Piano Concertos Nos. 11-16 in full score. Dover Publications, New York.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]