Pianokonsert nr. 24 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pianokonsert nr. 24 i c-moll
K. 491
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert24. mars 1786
Urframføring7. april 1786
Typisk lengd30:12
Satsar/akter3
Toneartc-moll

Pianokonsert nr. 24 i C-moll, K. 491, er eit concertante-verk for piano, eller pianoforte og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart komponerte konserten vinteren 1785–1786 og gjorde han ferdig den 24. mars 1786. Premieren var den 7. april 1786 i Burgtheater i Wien.[1]

Konserten består av tre satsar:

  1. Allegro i c-moll
  2. Larghetto i Ess-dur
  3. Allegretto (variasjonar) i c-moll

Det er skriven for fløyte, 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, pauke og strykarar. Av pianokonsertane til Mozart har denne det mest komplette partituret.[2]

Konserten har lenge vorte rekna som eit av dei største verka til Mozart. Arthur Hutchings har skildra det som det mest «samla» av alle solokonsertane hans. Girdlestone hevda òg det var den største solokonserten. Ludwig van Beethoven fann stor inspirasjon for sin eigen musikk frå denne konserten.[3] Richard Strauss spelte sin eigen kadens for konserten i 1885.[4]

Konserten vart først publisert i delar i 1800. Manuskriptet med konserten ligg i dag i Royal College of Music.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 24 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2011.
  • Girdlestone, C. M. Mozart's Piano Concertos. Cassell, London.
  • Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press.
  • Mozart, W. A. Piano Concertos Nos. 23-27 in full score. Dover Publications, New York.
  • Tovey, D. F. Essays in musical analysis, volume 3, Concertos. Oxford University Press.
  1. Maunder, Richard (February 1989). «Correspondence: Performing Mozart and Beethoven Concertos». Early Music 17 (1): 139–140. ISSN 0306-1078. JSTOR 3127279.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  2. Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press.
  3. Kinderman, William (1996). «Reviews of Books: Beethoven Forum, ii (ed. by Christopher Reynolds, with Lewis Lockwood and James Webster)». Music & Letters 77 (1): 124–126. ISSN 0027-4224. JSTOR 732277.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  4. p. 40, Kennedy, Michael (1999). Cambridge Richard Strauss: Man, Musikar, Enigma Cambridge University Press
  5. F.W.S. (July 1965). «Reviews of Music: Concerto, K. 491». Music & Letters 46 (3): 285–286. ISSN 0027-4224. JSTOR 732277.  |access-date= requires |url= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]