Oligocen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oligocen er den siste epoken i perioden paleogen og varte frå 33,9 til 23 millionar år sidan. Som med andre eldre geologiske periodar er berglaga frå epoken veldefinerte, men dateringa er unøyaktig. Namnet oligocen kjem frå gresk, ὀλίγος (oligos, «få») og καινός (kainos, «ny») og viser til at det kom få nye pattedyr til etter ei kraftig utvikling i eocen. Oligocen kom etter eocen og før miocene.

Oligocen vert ofte rekna som ei viktig overgangstid, ei lenkje mellom den gamle verda i det tropiske eocen og det meir moderne økosystemet i miocen. Av endringar i økosystemet i oligocen finn ein grasslettene som spreidde seg over heile jorda og tropiske breilauva skogar som trekte seg tilbake til områda rundt ekvator.

Oligocen startar med ei masseutrydding der eit europeisk dyreliv vert byta ut med eit asiatisk dyreliv, bortsett frå endemiske gnagarar og pungdyr. Hendinga vart kalla Grande Coupure. Grensa mellom oligocen og miocen er ikkje like enkel å skilje, men vert definert ut frå regionale grenser mellom varmare klima i sein oligocen (26,33 millionar år sidan) og relativt kjøligare klima i miocen.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Oligocen er delt inn i følgjande aldrar frå yngst til eldst:

Chattium eller sein oligocen (28,4 ± 0,1 – 23,03 millionar år sidan
Rupelium eller tidleg oligocen (33,9 ± 0,1 – 28,4 ± 0,1 millionar år sidan

Klima[endre | endre wikiteksten]

All palaeotemps.png

Klimaet i oligocen er dominer av ein stadig lågare global temperatur, ein trend som varte gjennom heile paleogen.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

I løpet av perioden heldt kontinenta fram med å finne sine noverande posisjonar. Antarktis vart meir og meir isolert og utvikla til slutt ein permanent iskalott.

Fjelldanninga vest i Nord-Amerika heldt fram og Alpane starta å reise seg i Europa då den afrikanske plata pressa på nordover mot den eurasiatiske plata og isolerte restar av Tethyshavet. Eit tynt marint lag markerer tidleg oligocen i Europa, medan marine avsettingar er sjeldne i Nord-Amerika. Det ser ut til å ha vore ei landbru mellom Nord-Amerika og Europa i tidleg oligocen sidan dyrelivet i dei to regionane var særs likt. Ein gong i oligocen braut Sør-Amerika omsider laus frå Antarktis og dreiv nordover mot Nord-Amerika. Dette gjorde at den antarktiske sirkumpolare straumen starta og kontinentet vart raskt avkjølt.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Blomsterplanter heldt fram med å spreie seg utover jorda. Dei tropiske og subtropiske skogane som hadde dominert verda vart erstatta av tempererte lauvskogar. Opne sletter og ørkenar vart meir vanleg. Gras, som tidlegare berre hadde vokse nær vatn, spreidde seg til heile verda i eocen og flytta ut på opne område, men mot slutten av perioden var ikkje moderne savanner enno vanlege.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Hyaenodon.

Opne landskap gjorde at dyra vokste seg større enn dei hadde gjort tidlegare i paleogen. Sjølivet vart relativt moderne og det same vart virveldyrfaunaen på land. Dette var truleg meir eit resultat av at dei eldre formene døydde ut enn av at meir moderne former utvikla seg.

Sør-Amerika var eit isolert kontinent på denne tida og utvikla ein ganske særeigen fauna.

Det var mykje krypdyr i oligocen. Choristodera, ei gruppe halvakvatiske krokodilleliknande diapsidar, som oppstod i juratida, og kanskje heilt tilbake i trias døydde ut i tidleg oligocen, kanskje på grunn av klimaendringane. Slangar og øgler utvikla seg til ein viss grad.

Av pattedyr finn ein brontotherium, indricotherium, entelodont, hyaenodon og mesohippus. Elefantdyr var òg ein del av dyrelivet.

Sjølivet i oligocen liknar det ein har i dag. Kvalar dukka opp og forgjengarane deira, archaeoceti var relativt vanlege, men det vart færre av dei etter kvart som klimaet endra seg. Selar dukkar truleg opp mot slutten av epoken frå bjørneliknande eller oterliknande forgjengarar.

Supervulkanar[endre | endre wikiteksten]

La Garita-kalderaen var eit enormt vulkanutbrot for 28-26 millionar år sidan som hadde ein vulkaneksplosivitetsindeks på 9,1[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lorraine E. Lisiecki Nov 2004; A Pliocene-Pleistocene stack of 57 globally distributed benthic δ18O records Brown University, PALEOCEANOGRAPHY, VOL. 20
  2. Kenneth G. Miller Jan-Feb 2006; Eocene–Oligocene global climate og sea-level changes St. Stephens Quarry, Alabama GSA Bulletin, Rutgers University, NJ..
  3. A.Zanazzi (et al) 2007 'Large Temperature Drop across the Eocene Oligocene in central North America' Nature, Vol. 445, 8 februar 2007.
  4. C.R.Riesselman (et al) 2007 'High Resolution stable isotoper og carbonate variability during the early Oligocene climate transition: Walvis Ridge (ODP Site 1263) USGS OF-2007-1047.
  1. Breining, Greg (2007) Super Volcano: The Ticking Time Bomb Beneath Yellowstone National Park, s. 256 – Voyageur Press, St. Paul, MN. ISBN 978-0-7603-2925-2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oligocen
Paleogen
Paleocen Eocen Oligocen
Danium | Selandium
Thanetium
Ypresium | Lutetium
Bartonium | Priabonium
Rupelium | Chattium