Kenozoikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenozoikum
65.5 - 0 millionar år sidan
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[1]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Kenozoikum, kainozoikum, neozoikum eller jorda si nytid (gresk καινός, kainos, som tyder «ny» og ζωή (zoe), som tyder «liv», altså til saman «nytt liv») er den siste og noverande geologiske æraen. Han dekkjer tida frå i dag og tilbake til 65,5 millionar år sidan. Starten er markert ved krit-tertiær-utryddinga på slutten av perioden krittida og æraen mesozoikum der alle dinosaurar som ikkje utvikla seg til fuglar døydde ut.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kenozoikum er delt inn i to periodar, paleogen og neogen, som igjen er inndelt i epokar. Paleogen består av paleocen, eocen og oligocen, og neogen består av miocen, pliocen, pleistocen og holocen. Tidlegare vart kenozoikum delt inn i periodane tertiær (paleocen til pliocen) og kvartær (pleistocen og holocen).

Tektonikk[endre | endre wikiteksten]

Geologisk er kenozoikum den æraen då kontinenta flytta seg til sine noverande posisjonar. kontinentet Australia delte seg frå Gondwana og dreiv nordover mot Søraust-Asia. Antarktis flytta seg til sin noverande posisjon over Sørpolen. Atlanterhavet vart større og seinare i æraen kolliderte Sør-Amerika med Nord-Amerika.

India kolliderte med Asia for mellom 55 og 45 millionar år sidan. Arabia kolliderte med Eurasia for om lag 35 millionar år sidan og lukka Tethyshavet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kenozoikum har vore ein periode som har gradvis vorte avkjølt. I tidleg kenozoikum blokkerte materiale frå K-T-laget truleg solinnstrålinga i lang tid. Etter at Drakesundet mellom Australia og Antarktis var danna starta den antarktiske sirkumpolare havstraumen, som førte kaldt djuphavsvatn opp til overflata, og klimaet vart langt kjøligare. Klimaet vart varmare igjen i miocen då udekte gasshydrat slepte ut karbondioksid. Då Sør-Amerika knytte seg til Nord-Amerika og danna Panamaeidet vart Arktis sterkare avkjølt på grunn av at Humboldtstraumen og Golfstraumen vart sterkare, og det heile enda med siste glasiale maksimum.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kenozoikum er «det nye livet sin tidsalder». I løpet av æraen utvikla pattedyra seg frå små, enkle former til eit mangfald av landdyr, sjødyr og flygande dyr. Kenozoikum er like mykje savannen sin tidsalder og dei samavhengige blomsterplantene og insekta si tidsalder. Fuglar utvikla seg òg kraftig i kenozoikum.

Monte Bolca er ein viktig lagerstätte nær Verona i Italia som består av særs godt bevart fisk og andre fossil frå eocen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zachos, J.C.; Kump, L.R. (2005). «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen». Global og Planetary Change 47 (1): 51-66. 
  2. Krijgsman, W.; Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996). «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain». Earth og Planetary Science Letters 142 (3-4): 367-380. Henta 25. august 2008. 
Kenozoikum
Paleogen Neogen Kvartær
Fanerozoikum
Paleozoikum Mesozoikum Kenozoikum