Porsche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Dr Ing. h.c. F. Porsche AG
Selskapsform Aksjeselskap
Etablert Flag of Germany.svg Tyskland 1931
Hovudkontor Flag of Germany.svg Tyskland Stuttgart, Tyskland
Bransje Bil
Produkt Sportsbilar
Adm.dir. Flag of Germany.svg Tyskland Dr. Wendelin Wiedeking
Tal på tilsette 11 910 (2005)
Salsinntekter 7.273 milliardar (2006)


Dr. Ing. c. F. Porsche AG, ofte forkorta til Porsche AG eller berre Porsche, er ein tysk bilprodusent. Selskapet vart stifta av Ferdinand Porsche i 1931, som òg bygde den første Volkswagen-modellen. Selskapet held til i Zuffenhausen, ein del av Stuttgart, og produserer sportsbilar, superbilar og SUV-modellar.

Omdømme[endre | endre wikiteksten]

I ei undersøking utført i mai 2006 av Luxury Institute i New York vart Porsche kåra til det mest prestisjefylte bilmerket i verda. Undersøkinga retta seg mot over 500 hushald med ei årleg inntekt på over 1 500 000 kroner.

Dagens modellprogram inneheld sportsbilar, frå innstegsmodellen Boxster til fabrikken sitt mest kjende produkt, 911. Cayman er ein modell ikkje ulik Boxster, men i ein noko høgare prisklasse. Cayenne er luksusen til selskapet-SUV, medan superbilen Carrera GT vart teken ut av produksjon i mai 2006. Framtidige planar inkluderer ein sportsleg sedan, Panamera.

Som selskap er Porsche kjent for å ha evna til å følgje endringar i marknaden, og har òg halde det meste av bilproduksjonen sin i Tyskland, i ei tid der dei fleste andre tyske bilprodusentar har flytta all eller delar av produksjonen til Aust-Europa eller andre kontinent. Hovudkvarteret og fabrikken ligg i Stuttgart, medan Cayenne (og tidlegare òg Carrera GT) blir produsert i Leipzig. Boxster og Cayman blir produsert hovudsakleg av Valma Automotive i Finland. Selskapet har hatt svært stor suksess i seinare år, og hevdar å ha den høgaste innteninga per bil selt av nokon bilprodusent i verda.

Porsche har i ei rekkje år tilbode konsulenttjenester til andre bilprodusentar. Studebaker, Seat, Daewoo, Subaru og Yugo har nytta desse tenestene for utvikling av bilar eller motorar. Lada Samara vart delvis utvikla av Porsche i 1984. Porsche har òg hjelpt Harley-Davidson med utviklinga av motoren i dei nyare V-Rod-motorsyklane deira.

Konkurrentar[endre | endre wikiteksten]

I motorsport har Porsches hovedkonkurrent stort sett vore Ferrari, trass i at personbilane deira appellerer til to ulike målgrupper. For gatemodellane er Porsches hovedkonkurrentar dei andre tyske merka som Mercedes-Benz, Audi og BMW. Boxster konkurrerer direkte med BMW Z4 og Mercedes-Benz SLK, og Lotus, Jaguar og Maserati, medan Ferrari konkurrerer med produsentar som Lamborghini, Bugatti og Aston Martin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Porsche 928.

I 1931 starta professor Ferdinand Porsche selskapet «Dr.ing. h. c. F. Porsche GmbH», med hovudkontor i Königstrasse i sentrum av Stuttgart. Selskapet dreiv med utvikling av motorar og konsulentverksemd, men bygde i starten ikkje eigne bilmodellar. Eit av dei første oppdraga selskapet fekk var frå tyske styresmakter, som ynskte å utvikle ein bil for folket – på tysk ein «Volkswagen».

Den første Porsche-modellen, Porsche 64 frå 1938, nytta mange komponentar frå Volkswagen Boble. Ferdinand Porsches son, Ferry Porsche, bestemde seg for å byggje sin eigen bilmodell, fordi han ikkje kunne finne ein modell han ynskte å kjøpe. Dei første eksemplara av det som seinare vart Porsche 356 vart bygd i ein liten verkstad i byen Gmünd i Austerrike, men etter at prototypen vart vist til stor interesse for tyske bilforhandlarar, vart produksjonen flytta til Stuttgart. Mange ser på 356 som den første modellen til selskapet, fordi dette var den første bilen selt av Porsche. Produksjonen av karosseria vart sett ut til selskapet Reutter Carosseri, som hadde samarbeidd med Porsche på prototypar av Volkswagen Boble, og Porsche bygde ein fabrikk på den andre sida av gata for Reutter. 356 vart gategodkjend i 1948. Kort tid seinare, den 30. januar 1951, omkom Ferdinand Porsche av komplikasjonar etter eit slag.

1958 Porsche 356A.

I etterkrigstidas Tyskland var det ikkje enkelt å få tak i delar, så 356 vart bygd på motor, girkasse og understell frå Volkswagen Boble. Etterkvart som modellen vart vidareutvikla vart stadig fleire av VW-delane bytt ut med Porsches eigne, og dei siste eksemplara vart utelukkande bygd av Porsche-delar. Karosseriet var designa av Erwin Komenda, som òg hadde stått bak designen på VW Boble.

I 1963, etter ein viss suksess i motorsport, spesielt med Porsche 550 Spyder, utvikla selskapet Porsche 911, nok ein modell med hekkmontert, luftkjølt motor. Teamet som stod bak utviklinga vart leia av Ferry Porsches eldste son, Ferdinand Alexander Porsche, noko som skapte problem med designsjef Erwin Komenda. Ferdinand hevda at Komenda gjorde endringar på teikningane utan å ha snakka med han, og selskapet sitt toppsjef Ferry Porsche tok teikningane til sonen til karosserifabrikken Reutter, som haldt til på den andre sida av gata, slik at desse kunne ferdigstille teikningane og starte produksjonen av 911 sitt karosseri.

Porsches utviklingsavdeling gav sekvensielle nummer til kvart prosjekt, men då 901-prosjektet skapte problem med Peugeot, som hadde rettane til alle tresifrede bilmodellnamn med talet 0 i midten, vart namnet endra til dagens 911. Modellar bygde berre for motorsport heldt på dei tidlegare namna, med 904, 906 og 908 som eksempel. 911 vart raskt selskapet sitt mest populære modell, og er framleis i produksjon, sjølv om dagens modell berre har sjølve konseptet til felles med den første modellen. Ein rimelegare modell med same karosseri, men med teknikk henta frå 356 (inkludert det firesylindra motoren) vart selt under namnet 912.

I 1972 vart selskapsforma endra frå kommandittselskap til aksjeselskap, då Ferry Porsche og systera hans, Louise Piëch, følte det var dårleg samspel i familien. Denne endringa førde til det vart danna eit styre sett saman av medlemmar frå utanfor Porsche-familien. Deretter var ingen familiemedlemmar involvert i den daglege drifta til selskapet. F. A. Porsche stifta sitt eige designselskap, Porsche Design, som seinare har vorte kjent for solbriller, klokker, møblar og andre luksusartiklar. Ferdinand Piëch, som stod bak den tekniske utviklinga av Porsche sine modellar, starta sitt eige firma og utvikla ein femsylindra dieselmotor for Mercedes-Benz, før han fekk seg arbeid hos Audi, der han arbeidde seg heilt opp til toppleiarnivå.

2005 Porsche 911 (997) Carrera S.

Selskapet sin første administrerande direktør var Dr. Ernst Fuhrmann, som tidlegare hadde arbeidd med motorutvikling, og stod bak den såkalla Fuhrmann-motoren som vart nytta i 356 Carrera-modellane og dessutan 550 Spyder. Fuhrmann hadde på 1970-talet planar om å droppe 911-serien og erstatte den med V8-motor-modellen 928. Som ein veit i dag vart 911-serien klart meir populær enn 928, som gjekk ut av produksjon i 1995. Fuhrmann vart etterfulgt av Peter W. Schutz tidleg på 1980-talet, som igjen vart etterfulgt av Arno Bohn i 1988.

Bohn vart tvungen til å gå av kort tid etter tilsettiga etter ei rekkje svært kostbare feilgrep, og Heinz Branitzki vart konstituert i direktørstillingen fram til Dr. Wendelin Wiedeking vart tilsett i 1993. Wiedeking tok over styringa i Porsche i ei tid då selskapet var sårbart for oppkjøp, men har gjort Porsche til eit svært effektivt og lønnsomt foretak.

Ferdinand Porsche sitt barnebarn, Ferdinand Piëch, var styreformann og direktør for Volkswagen frå 1993 til 2002. Med 12,8 prosent av aksjane er han òg Porsche sin nest største eigar, etter syskenbarnet F. A. Porsche, som eig 13,6 prosent.

Porsche blir eigd av familien Piëch (47 %) og familien Porsche (53 %), altså etterkomarar av stiftaren Ferdinand Porsche.

Porsche, som har 12.000 tilsette, eig 30 prosent av aksjane i Volkswagen, som har 330.000 tilsette. I juli 2009 vart det avgjort å slå saman dei to selskapa.[1]

Porsche i motorsport[endre | endre wikiteksten]

Porsche har hatt suksess i mange greiner innan motorsport, med meir enn 28,000 sigrar. Porsche er for tida den største racerbilprodusenten i verda. I 2006 bygde Porsche 195 racerbilar for ulike internasjonale motorsportkonkurransar. I 2007 er det venta at Porsche skal lage ikkje mindre enn 275 racerbilar (7 RS Spyder LMP2 prototypar, 37 GT2 spec 911 GT3-RSRs, og 231 911 GT3 Cup bilar).

Modellar[endre | endre wikiteksten]

1958-modell Porsche Diesel Junior med 18 hestekrefter under panseret

Traktorar[endre | endre wikiteksten]

Porsche 987 Boxster
Porsche 911 (997)

Bilmodeller[endre | endre wikiteksten]

Porsche 360 Cisitalia vart produsert frå 1949

Racingmodeller[endre | endre wikiteksten]

Konseptbiler[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]