Pozzuoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pozzuoli
Pozzuoli.JPG
Plassering
Pozzuoli is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Campania
Napoli
Borgarmeister Vincenzo Figliolia
Geografi
Flatevidd
 - By

43 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

82 131
  1832/km²
Koordinatar 40°49′″N 14°7′″EKoordinatar: 40°49′″N 14°7′″E
Høgd over havet 28 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 80078, 80014, 80125
Telefon-retningsnummer 081
Nettstad: www.comune.pozzolu.na.it

Pozzuoli er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia og har om lag 80 000 innbyggjarar. Han er den største byen Campi Flegrei.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pozzuoli vart grunnlagd som ein gresk koloni kalla Dicaearchia. Den romerske kolonien vart grunnlagd i 194 fvt., og tok det latinske namnet Puteoli, «små brønnar», som referer til dei mange varmekjeldene i området, mest kjend i Solfatara. Dette kjem av at Pozzouli ligg midt i Campi Flegrei, ein stor kaldera.

Serapium i Pozzuoli.

Puteoli var ein stor markedsplass for kornskip frå Alexandria og andre skip frå heile den romerske verda. Han var òg ein midtpunkt for varer som vart eksporter frå Campania, inkludert glas, mosaikk, forma jarn og marmor. Den romerske marinebasen Misenum låg i nærleiken og husa på den tida den største marineflåten i den antikke verda.

Den lokale vulkansanden danna grunnlaget for den første effektive betongen, sidan han reagerte kjemisk med vatn. I staden for å fordampe danna vatnet sanden/kalken til ein sterk mørtel. Dette gjorde det mogeleg å bygge kuppelen i Pantheon, den første verkelege kuppelen.

Apostelen Paulus gjekk i land her på veg til Roma, som ligg 270 km mot nord. Her var han i sju dagar (Apg 28:13, 14) før han reiste vidare langs Via Appia til Roma. Puteoli var åstad for ei merkverdig hending i år 37 av den eksentriske Caligula. Då han vart keisar gav han ordre om å lage ei flytebru der skip skulle nyttast som pongtongar over eit stykke på tre kilometer frå byen til den kjende feriestaden Baiae, på andre sida av bukta. Han skulle ri over brua til hest, for å motvise ein astrolog som hadde føresett at sjansen for at Caligula vart keisar «var like stor som at han kunne ri over Baiaebukta til hest».

Proculus av Pozzuoli vart martyrdrepen her i lag med følgjesveinane sine på 300-talet og vart byen sin vernehelgen. Dei sju ørnehovuda på byvåpenet er sagt å representere desse martyrane.

Frå august 1982 til desember 1984 opplevde byen fleire hundre skjelv og brady-seismisk aktivitet, som nådde eit høgdepunkt 4. oktober 1983 då 8 000 bygningar vart øydelagd og 36 000 menneske heimlause, mange permanent. Hendinga førte til at havbotn steig med nesten to meter, slik at Pozzuolibukta vart for grunn for store fartøy.

Nabokommunar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Paolo Amalfitano and others, I Campi Flegrei, Venice 1990
  • Piero Alfredo Gianfrotta, Fabio Maniscalco (eds.), Forma Maris. Forum Internazionale di Archeologia Subacquea, Puteoli 1998
  • Puteoli. Studi di Storia Romana

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]