Bioteknologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bioteknologi er teknologi som tek i bruk biologiske system, som mikroorganismar, gener eller biologiske prosessar, til ulike føremål. Faget byggjer på tre viktige område: Biokjemi, genetikk og molekylærbiologi. Ein nyttar mellom anna bioteknologi innan landbruk, næringsmiddelindustri og medisin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bioteknologi er eit nytt ord på ei form for naturvitskap som har blitt brukt i fleire hundreår. Når det vart baka brød brukte folk bioteknologi utan at dei visste det — for når ein bakar brød tilset ein gjær for at brødet skal heva seg, og dette set i gang ein kjemisk prosess der gjæren byrjar å produsere karbondioksid, som vidare fører til at brødet hevar seg. Også når ein laga øl, vin, ost og eddik har ein brukt bioteknologi, utan nødvendigvs å forstå prosessane bak.

Forskarar som Louis Pasteur, Max Delbrück, Emil Christian Hansen og Chaim Weizmann bidrog til å forbetra forståinga av slike biologiske prosessar. Ungarske Karl Ereky laga ordet «bioteknologi» i 1917 for å skildra omdanninga av råmateriale til nyttige produkt.

Bioteknologisk forsking[endre | endre wikiteksten]

Bioteknologi er ei nytteorientert form for forsking. Det vert framstilt fleire nyttige produkt innan medisin, brennstoff, næringsmiddel og biologisk reinsing. Innan medisin har ein til dømes oppdaga og framstilt antibiotika, monoklonale antistoff som kan brukast til diagnostikk og kanskje kreftbehandling, og DNA-probar som kan brukast til å stilla diagnosar. Innan næringsmiddelindustrien har det kome fleire produkt ved bruken av enzym og mjølkesyrebakteriar. Døme på nokre av produkta er nedbrytbar plast, vaskepulver og bioetanol. Innan biologisk reinsing har det vorte produsert fleire nyttige produkt som kan hjelpa mot miljøskader, til dømes ein type bakterie som fortærer oljesøl.

Det vert forska mykje på genteknologi innan bioteknologi. Genteknologi er teknologi som baserer seg på å studera, isolera og endra arvestoff. Genteknologi gjev nye moglegheiter, både til å forstå og studera kjende organismar, til å overføra genetisk informasjon mellom organismar, til assistert befrukting og til kloning, det å lage ein heilt identisk kopi av noko.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

For å kunne jobbe innan bioteknologi må ein gå på ingeniørstudia. For å kunne gå der må ein tilfredsstille spesielle krav innan matematikk og fysikk. I byrjinga av studiet vil ein lære om datateknologi, matematikk og fysikk. Ein vil og spesialisere seg i kjemi og bioteknologi. Fordjuping i bioteknologi gjev kjennskap til biokjemi, mikrobiologi, genteknologi og biokjemiteknikk.

Etter 3 års studium får ein tittelen ingeniør. Ein kan finne jobbar innan kjemisk industri, miljø, oljeindustri, legemiddelbransjen osv. Ein kan og ta vidare mastergrad og doktorgrad i bioteknologi ved ei rekkje universitet. I Noreg har Universitetet i Tromsø, UMB og NTNU studieprogram innan bioteknologi.

Bioteknologi i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er er bioteknologi regulert av Bioteknologiloven og Genteknologiloven, og Bioteknologinemnda gjev etiske råd om bruk av teknologien.

Bioteknologi er ei type forsking Noreg har byrja å satse på, men fortsatt vert det gjeve for lite pengar til det. I fjorårets stasbudsjettet vart det gjeve 100 millionar med forslag om å auke med 50 millionar i år. Det vert likevel små pengar i førehald til det USA brukar på bioteknologi. USA brukar 120 milliardar i året på bioteknologi. Så mykje brukar Noreg i førehald til USA på bioteknologi:

Innan marin bioteknologi og medisinsk diagnostikk hevdar Noreg seg bra med firma som Biotec Pharmacon, Maritex og Intervet Norbio. Det norske selskapet Genomar jobbar med å utvikle ein ny variant av den afrikanske ferskvassfisken tilapia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bioteknologi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]