Samfunnsgeografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samfunnsgeografi (tidlegare også kulturgeografi, i dag også regional samfunnsanalyse) er eit av to hovudfelt i geografifaget. Den andre er naturgeografi. Samfunnsgeografi fokuserer på korleis menneskeleg aktivitet er organisert frå eit geografisk perspektiv. Fagfeltet kan delast inn i fleire greiner som dels overlappar kvarandre, som befolkningsgeografi, bygeografi, økonomisk geografi, jordbruksgeografi, transportgeografi, rekreasjonsgeografi og sosialgeografi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Samfunnsgeografi» (19. februar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. november 2014.
Spire Denne vitskapartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.