Rafael del Riego

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rafael del Riego

Rafael del Riego y Nuñez (9. april 17847. november 1823) var ein spansk general og liberal politikar.

Del Riego vart fødd i Santa María de Tuñas i Asturia. Han gjekk ut frå universitetet i Oviedo i 1807, og flytta sidan til Madrid, der han gjekk inn i militæret. I 1808 vart han teken til fange av franske styrkar under den spanske krigen for sjølvstende og halden i Escorial, som han sidan klarte å flykta frå.

10. november var Riego med i slaget ved Espinosa de los Monteros, der han igjen vart teken til fange. Tre dagar seinare vart han sendt til Frankrike, der han til slutt vart sett fri. Han reiste rundt i England og dei tyske statane før han drog tilbake til Spania igjen i 1814 og slutta seg til hæren igjen med grada oberstløytnant.

Under dei seks åra med kongeleg einevelde støtta han frimurarane og liberalarane som konspirerte mot kong Ferdinand VII. I 1819 forma kongen ti bataljonar for å slå dei sør-amerikanske motstandsrørslene, og Riego vart sett til å kommandera Asturia-bataljonen. Men 1. januar 1820, då han var komen til Cádiz, starta han saman med andre offiserar eit opprør der dei forlangte å få grunnloven av 1812 tilbake. Denne konflikten er seinare blitt kalla Den spanske borgarkrigen frå 1820 til 1823.

Riego sine troppar marsjerte gjennom byar i Andalusia i håp om å starta eit folkeopprør mot kongen, men dei lokale innbyggjarane var stort sett likeglade. I Galicia byrja likevel eit opprør, som så spreidde seg raskt til resten av Spania. 7. mars 1820 vart slottet i Madrid omringa av soldatar kommandert av general Ballesteros, og 10. mars gjekk kongen med på å atterinnføra grunnloven.

Den nye progressive regjeringa gav Riego grada feltmarskalk og gjorde han til capitán general av Galicia. Han fekk makta ved ein seremoni i Aragon den 8. januar 1821, og flytta til Zaragoza. 18. juni same året gifta han seg med kusina si, Maria Teresa del Riego y Bustillos.

Etter eit republikansk kuppforsøk den 4. september 1821 vart Riego skylda for å vera involvert og arrestert. Men han var blitt godt likt av folket, som mellom anna gjekk i demonstrasjonstog i Madrid der dei kravde å få han lauslaten. I mars 1822 vart han vald inn i den spanske nasjonalforsamlinga, Cortes Generales, og sluppen ut av fengselet.

På kongressen i Verona i 1822 vart den heilage alliansen einige om at eit republikansk Spania truga stabiliteten i Europa, og at Frankrike skulle atterinnføra absolutt monarki i landet. I april 1823 gjekk den franske hæren over grensa. Riego leia den tredje arméen, og kjempa mot både invasjonsstyrkene og lokale styrker som var lojale til kongen. 15. september vart han sviken og teken til fange i landsbyen Anquillas i Jaén og deretter ført til Madrid. Trass i at ein hadde annonsert eit generelt amnesti vart Riego funnen skuldig i landssvik, ettersom han var eit av parlamentsmedlemmene som hadde stemt for å ta makta frå kongen. 7. november 1823 vart Rafael del Riego hengd på Cebada-plassen i Madrid.

Himno de Riego, ein song skriven til ære for han, var nasjonalsongen til Den andre spanske republikken (1931-1939). Eit portrett av Riego heng no i Cortes Generales.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!