Roald Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roald Dahl
Roald Dahl.jpg
Dahl i 1954
Fødd 13. september 1916, Llandaff i Cardiff i Wales
Død 23. november 1990, Great Missenden i Buckinghamshire i England
Yrke Forfattar
Sjanger Barnelitteratur, grøssar, krim
Nettstad Offisiell nettstad


Roald Dahl (13. september 191623. november 1990) var ein norsk-britisk forfattar av barnebøker, noveller, filmmanus og sjølvbiografiar, kjend for svart humor og burleske, fantastiske hendingar. Ei rekke av barnebøkene er blitt filmatiserte. Dahl verka også som programleiar som introduserte morbide, humoristiske «grøss» på fjernsyn.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Den norske kyrkja i Cardiff.

Roald Dahl var fødd i Llandaff ved Cardiff i Wales av norske foreldre, skipsmeklaren Harald Dahl og Sofie Magdalene Dahl (fødd Hesselberg). Han blei døypt i Den norske kyrkja i Cardiff og kalla opp etter polfararen Roald Amundsen, ein norsk nasjonalhelt på den tida. Gjennom barndommen og tenåra, frå Roald Dahl var 4 til han var 17, reiste familien til Tjøme i Noreg på sommarferie.

I 1920, då Roald var fire år, døydde søstera Astrid av blindtarmsbetennelse, og rundt ein månad etterpå døydde faren av lungebetennelse. Mora blei likevel verande i Storbritannia slik at ungane kunne få ei god britisk utdanning etter mannen sitt ønske. Roald byrja på Llandaff Cathedral School, der han åtte år gammal blei straffa med spanskrøyr for ein gutestrek. Hendinga er skildra i sjølvbiografien Boy (Gutt). Etter dette gjekk han på fleire kostskular, der han opplevde heimlengsel og plaging av eldre elevar. Populariteten auka då han gjorde det godt i idrettar som fives (ein britisk ballsport) og squash, der han var kaptein for skulelaga, og spelte også fotball. Han utvikla også ei interesse for fotografi.

Arbeidsliv[endre | endre wikiteksten]

Etter avslutta skulegang reiste Dahl til Canada med ein gjeng venner og reiste rundt på Newfoundland i tre veker. To år seinare, i juli 1934, blei han tilsett ved oljeselskapet Shell Petroleum trass i at mora ønska at han skulle byrja på universitet. Etter to år med opplæring i Storbritannia blei Dahl overført til Dar-es-Salaam i Tanganyika i Aust-Afrika. Her distribuerte han og to andre tilsette olje til kundar i heile landet.

Tre Gloster Gladiator-fly, same type som Roald Dahl flaug og krasja i.

I august 1939, då andre verdskrigen var ved å bryta ut, blei det lagt planar om å fengsla alle tyske borgarar i Dar-es-Salaam. Dei rundt femten britiske borgarane i byen, mellom dei Dahl, blei gjort til offiserar med kommando over infanteritroppar med askariar i King's African Rifles. Kort tid etter, i november 1939 meldte han seg ved flyvåpenet, og trente i Kenya og Irak. Han fekk opplæring i å flyga de Havilland Tiger Moth og Hawker Hart-fly, men som aktiv flyoffiser for No. 80 Squadron RAF blei han sett til å flyga og kjempa i Gloster Gladiator, ein då forelda flytype, og utan å ha fått trening i flykamp.

19. september 1940 fekk Dahl ordre om å fly frå Abu Suweir i Egypt til Amiriya for å tanka opp, deretter til ei ny opptanking i Fouka i Lybia og så tilbake til skvadronen sin ved ei flystripe rundt 50 km sør for Mersah Matruh. Det viste seg at staden han hadde fått oppgjeven var galen, han kunne ikkje finna flystripa, og måtte naudlanda då han mangla drivstoff og mørket var i ferd med å koma. Under naudlandinga trefte understellet ein rullestein og flyet krasja. Dahl fekk brot i skallen, nasen og blei blinda, men klarte å dra seg vekk frå det brennande vraket før han svima av. Opplevinga blei grunnlaget for den første utgjevne teksten hans.

Dahl blei berga og gjeven førstehjelp i Mersah Matruh. Han var framleis blind og blei overført til eit militærsjukehus i Alexandria i Egypt. Sjølv om legane meinte han aldri ville kunna fly igjen, var han fem månader seinare, i februar 1941, utskriven og godteken for ytterlegare flyteneste. Han deltok i slaget om Hellas med eitt av 14 Hawker Hurricane-fly. Dahl hamna i sin første flykamp over byen Khalkída då han 15. april skaut ned ein tysk Junkers Ju 88 og truleg også dagen etter, i kamp mot 6 tyske fly. Den 20. april deltok Dahl i slaget om Aten saman med skvadronleiaren 'Pat' Pattle og vennen David Coke, og skaut ned nok ein Ju 88.

Etter at tyskarane erobra Aten blei Dahl evakuert tilbake til Egypt, før 80 Squadron blei sett saman igjen i Haifa i dåverande Palestina. Derfrå flaug Dahl oppdrag dagleg dei neste fire vekene, men byrja å lida av ein forblindande hovudverk som gjorde han medvitslaus i lufta. Han blei erklært tenesteudyktig og send heim til Storbritannia. Han hadde då nådd løytnants rang. Dahl avslutta krigen med graden Wing Commander, tilsvarande oberstløytnant.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Roald Dahl og kona Patricia i 1954.

Dahl tok til å skriva i 1942, etter at han var blitt overført til den britiske ambassaden i Washington i USA som assisterande flyattaché. Han var blitt oppfordra av forfattaren C.S. Forester, til å skriva noko frå tida som kampflygar som kunne brukast som propaganda. Det første utgjevne verket hans blei trykt i Saturday Evening Post den 1. august 1942 under tittelen «Shot Down Over Libya», med ei skildring av krasjlandinga hans. Den opphavlege tittelen var «A Piece of Cake» (tilsvarande 'Grei skuring'), men tittelen blei endra til noko meir dramatisk, sjølv om flykrasjet ikkje hadde noko med fienden å gjera.

Dahl gav ut si første barnebok i 1942. The Gremlins handla om små, vondskapsfulle vesen som henta frå flyvåpenfolklore. Walt Disney kjøpte rettane til boka, men det blei aldri laga nokon film. Seinare skreiv Dahl kjende barnebøker som Charlie og sjokoladefabrikken, Matilda, og Verdens største fersken. Mange av barnebøkene blei illustrert av Quentin Blake.

Parallelt med barnebøkene skreiv Dahl også makabre noveller for eit vakse publikum, vanlegvis med ei mørk form for humor og ein overraskande slutt. Mange blei opphavleg skrive for amerikanske blad og seinare samla i antologier som etter kvart fekk litterær anerkjenning over heile verda. Dahl skreiv over 60 noveller, og fekk tre Edgar-prisar: I 1954 for samlinga Someone Like You; i 1959 for samlinga The Landlady; og i 1980 for episoden frå Fortellinger fra det uventede basert på Skin.

Ei kort, relativt mislykka tid på 1960-talet skreiv Roald Dahl filmmanuskript. To av desse, James Bond-filmen You Only Live Twice og Chitty Chitty Bang Bang bygde på noveller skrivne av Ian Fleming . Dahl omarbeidde også sitt eige verk til filmane Willy Wonka and the Chocolate Factory (1971).

På 1980-talet skreiv han to sjølvbiografiske bøker, og saman med kona Felicity skreiv han Memories with Food at Gipsy House, ei blanding av oppskrifter, familieminne og dagdraumar om yndlingstema som sjokolade, lauk og raudvin.

Familie hans[endre | endre wikiteksten]

Roald Dahl var gift i 30 år (1953-1983) med den amerikanske skodespelaren Patricia Neal. Dei fekk fem ungar: Olivia, «Tessa» (Chantal Sophia), Theo, Ophelia og Lucy. Tessa og Lucy følgde begge i faren sine fotspor som forfattarar, medan Ophelia er medgrunnleggjar av hjelpeorganisasjonen Partners in Health. Dotter til Tessa Dahl, Sophia Dahl, er også kjend som forfattar og modell.

Olivia døydde av meslingar sju år gammal, medan Theo blei stygt skadd som baby, då barnevogna hans blei påkøyrd av ein drosje. Han leid av væskeoppsamling i hovudet, noko som gjorde at Roald Dahl blei med i utviklinga av ein «Wade-Dahl-Till» (eller WDT)-ventil for å retta på tilstanden.[1]

I 1965 fekk Patricia Neal tre hjerneslag medan ho var gravid med det femte barnet deira. Roald Dahl tok kontroll over rehabiliteringa hennar, og over år klarte ho etter kvart å læra å snakka og gå igjen. Paret skilde lag i 1983. Dahl gifta seg deretter med Felicity («Liccy») Crosland.

74 år gammal døydde Roald Dahl av leukemi heime i Gipsy House i Great Missenden i Buckinghamshire. Han blei gravlagd saman med ei rekke ting han sette pris på i det dotterdottera Sophie Dahl har kalla «ei slags vikingravferd».[2]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Roald Dahl Plass/Plas Roald Dahl i Cardiff.

Til hans ære blei eit barnegalleri, Roald Dahl Children's Gallery, opna i Bucks County Museum i nærleiken av Aylesbury. I juni 2005 blei Roald Dahl Museum and Story Centre opna i Great Missenden for å feira hans litterære arbeid.

Dahl donerte til gode føremål som nevrologi, hematologi og lesekunne, ei støtte enka Felicity vidareførte gjennom Roald Dahl Foundation.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Barneforteljingane til Dahl er vanlegvis fortalde frå barna sin synsvinkel, og har ofte ein vaksen skurk som hatar og mishandlar ungar, men også minst éin «god vaksen» i kontrast til den vonde. Forteljingane kan minna noko om eventyr ved at dei inneheld mange overdrivingar og groteske, gjerne valdeleg hendingar, men ein klar moral der dei gode heltane vinn fram ved hjelp av oppfinnsomheit eller magi. Ein finn døme på dette i mellom anna Matilda og Charlie og sjokoladefabrikken.

Dahl skildrar også klasseforskjellar i fleire av bøkene, til dømes i Den fantastiske Mikkel Rev (1970) og Danny og den store fasanjakten (1975).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Shot Down Over Libya» (august 1942, i Saturday Evening Post)
  • The Gremlins (1943, barnebok)
  • Over og ut (1945, krigsnoveller)
  • Sometime Never (1948, roman)
  • Et hode kortere og andre hårreisende historier (Someone Like You) (1953, noveller)
  • The Honeys (1955, skodespel)
  • Kiss Kiss ([959, noveller)
  • 11 nye gys (1960, noveller)
  • Verdens største fersken (1961)
  • Charlie og sjokoladefabrikken (1964)
  • Den magiske fingeren (1966)
  • You Only Live Twice (1967, filmmanus for James Bond-film)
  • Chitty Chitty Bang Bang (1968, filmmanus)
  • Twenty-Nine Kisses from Roald Dahl (1969)
  • Den fantastiske Mikkel Rev (1970)
  • The Night-Digger (1970, filmmanus)
  • The Lightning Bug (1971, filmmanus)
  • Charlie og den store glassheisen (1972)
  • Heksene (1973)
  • Danny og den store fasanjakten (1975)
  • Den fantastiske historien om Henry Sugar og seks andre (1977)
  • Den kjempestore krokodillen (1978)
  • Onkel Oswald (1979)
  • Dustene (1980)
  • Georgs magiske medisin (1980)
  • SVK (1982)
  • Ramperim og ville vers (1982)
  • Matilda (1982)
  • Fæle dyr (1983)
  • Onde sirkler (1984, noveller)
  • Gutt (1984, sjølvbiografi)
  • Giraffen, Pelli og jeg (1985)
  • Roald Dahls svarte bok (1986, spøkelseshistoriar)
  • På egne vinger (1986, sjølvbiografi)
  • Eddap Liks (1990)
  • Bittesmåene (1991)
  • Presten i Nibbleswicke (1991)
  • Dagbok (1991)
  • I Roald Dahls kjøkken (1991, oppskriftsamling)
  • Tast and other tales (1993, noveller)
  • Lamb of to Slaughter
  • Beware of the dog

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Roald Dahl
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Roald Dahl