Rangitata River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rangitata River
Rafting på Rangitaka River.
Rafting på Rangitaka River.
Utspring Søralpane
Munning I Stillehavet, 30 km nordaust for Timaru
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Lengd 120 km
Nedslagsfelt 1773 km²

Rangitata River er ei av dei forgreina elvene som var med å danna Canterbury PlainsSørøyaNew Zealand. Ho renn mot søraust i 120 kilometer frå Søralpane, og munnar ut i Stillehavet 30 kilometer nordaust for Timaru. Elva har eit tilsigsområde på 1773 km²[1] og ei årleg middelvassføring på 95 m³/s ved Klondyke.[2]

Maorinamnet Rangitata (Rakitata) har ulike omsetjingar, som 'dagen med låge skyer', 'nær himmel' og 'sida til himmelen'.[3]

Elva forma Rangitata Valley, sentralt i Søralpane, og filminga frå Rohan i Ringdrotten: Dei to tårna og Kongens atterkome vart filma i denne dalen, på og kring Mount Sunday. Fleire fjerntliggjande sauefarmar ligg nær Mount Sunday. Mellom desse er Mesopotamia, Mount Potts og Erewhon. Erewhon vart namngjeven av forfattaren Samuel Butler som var den første kvite nybyggjaren som ved Mesopotamia sauestasjon. Erewhon er òg namnet på ein roman som Butler skreiv anonymt i 1872.

Før elva når Canterbury Plains er ein del ført over til Rangitata Diversion Race (RDR) for irrigasjon og produksjon av vasskraft. RDR vart bygd mellom 2. april 1937 og 1944,[4] og forsyner kraftstasjonane Montalto og Highbank med vatn før ho når utløpet i Rakaia River. Ved dette utløpet ligg òg det første akkustiske fiskegjerdet på New Zealand, dette held laksesmolt nede i elva og hindrar at han går opp i jordbrukslandet.[5]

Ut mot munningen deler elva seg i to løp og dannar ei stor delta-øy, Rangitata Island. Over øya går riksvegen State Highway 1 og jarnvegslinja Main South Line mellom Ealing og Rangitata, og øya er såleis direkte knytt til både riksvegs- og jarnvegsnettet på New Zealand.

Rangitata er elva med mest fiske sentralt på Sørøya,[2] og har eit sjølvberande fiske etter chinooklaks.[6] Laksen står for rundt 75 prosent av fangsten til sportsfiskarane i elva, andre fiskeslag er aure, regnbogeaure og bekkerøye.

Den 23. desember 1999 sende organisasjonen Fish and Game New Zealand inn ein søknad om at Rangitata River vart verna (Water Conservation Order). I juni 2006 vart vernet vedteke.[7]

Eit lokomotiv enda opp heilt nedsenka i elva 4. januar 2002 etter at flaumvatn undergrov banelekamen og skapte ei avsporing.[8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rangitata River. Sesagent.com. Vitja 20. januar 2012.
  2. 2,0 2,1 Application for a Water Conservation Order (23. desember 1999). Vitja 19. januar 2012..
  3. Alan Copland Beck (1966). Rangitata River. Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Vitja 19. januar 2012.
  4. About the RDR - History. Rangitata Diversion Race Management Ltd. Vitja 18. januar 2012,.
  5. First acoustic fish fence installed. The Timaru Herald (1. januar 2009). Vitja 18. januar 2012.
  6. McDowall, R. M. (1990) New Zealand freshwater fishes: a natural history and guide. Heinemann-Reed, Auckland, 553 p.
  7. The application, the reports of the Special Tribunal and the Environment Court, the Minister's press release, and the Water Conservation (Rangitata River) Order 2006 are available on this page of the Ministry for the Environment's website Application for a Water Conservation Order on the Rangitata River, henta 19. januar 2012
  8. Rail line reopened after derailment. TVNZ (7. januar 2002). Vitja 19. januar 2012..

Koordinatar: 44°12′S 171°30′E