Riksetrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riksetrane

Status i verda: Livskraftig (LC)

Riksetrane, Aramus guarauna
Riksetrane, Aramus guarauna

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Aramidae
Slekt: Aramus
Art: T. guarauna
Vitskapleg namn
Aramus guarauna

Riksetrane (Aramus guarauna) er ein vassfugl som ser ut som ei stor rikse, men er skjelettmessig nærare traner. Arten finst hovudsakleg i våtmarker i varme delar av Amerika, der han primært beitar på eplesniglar av slekta Pomacea. Det engelske namnet 'limpkin' kjem av den haltande måten riksetraner går på. Riksetrane er einaste arten i familien Aramidae og medlem av ordenen Gruiformes, tranefuglar.

Utbreiing og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Riksetraner finst på Florida-halvøya og sørlege Mexico via Karibia og Mellom-Amerika sør til Nord-Argentina. Det største utbreiingsområdet er i Sør-Amerika aust om Andesfjella, dessutan finst dei vest om Andes sør til ekvator.

Dei lever ved ferskvatnmarsk og sumpar, ofte der det finst høgt siv, samt i mangrovar. I Karibia lever dei òg på tørt land med kratt. I Mexico og i nordlege Mellom-Amerika kan dei leve opptil 1500 moh.

Riksetraner får ei kroppslengd på ca. 66 cm med eit vengespenn på ca. 102 cm og ei vekt på ca 1,1 kg. Fjørdrakta er mørkbrun med ein olivenfarga glans. Fjøra på det meste av kroppen utanom bakparten har kvite flekker, noko som gjer at kroppen ser stripete ut og hovudet og halsen tilsynelatande lys grå. Dei kvite teikningane er litt mindre iaugefallande hos første års fuglar. Vengene er breie og avrunda, og halen er kort. Dei vert ofte forveksla med unge kvitibisar.

Riksetraner har lange, mørkegrå bein og ein lang hals. Nebbet er langt, kraftig og nedbøygd, mørkt gult og mørkast ut mot spissen. Nebber passar til å ta sniglar ut av sniglehus, det har eit lite mellomrom mellom overnebb og undernebb når nebbet er klemt saman på spissen slik at det fungerer som ein pinsett. Mange individ har òg ei lita vriding mot høgre på enden av nebbet.

Denne fuglen kan vere enklare å høyre enn å sjå. Den mest vanlege lyden er eit høgt, vilt jammer eller skrik oftast om natta og ved daggry og skumring.

Levevis og føde[endre | endre wikiteksten]

Riksetrane med eplesnigel
Foto: David Roach

Riksetraner er stort sett aktive på nattid og i skumringa. I Florida, kor dei er mindre sky, er dei aktive om dagen. Men sjølv då oppheld deg seg nær ein skjulestad.

Med hjelp av lange tær kan dei stå på flytande vassplantar, dei er òg gode symjarar. De flyg godt, i flukt er halsen og beina utstrekte, vengene slår trongt og stivt, med eit rykkande oppslag, dei peikar over horisontalen mesteparten av tida.

Riksetraner beitar primært på grunt vatn og på flytande vegetasjon slik som vasshyasintar og vassalat. Dei går sakte med ein gangart skildra som haltande, steppande eller slentrande på jakt etter mat, søkjande med nebbet om vatnet er uklårt. De beitar på små vasslevande organismar, hovudsakleg eplesniglar. Tilgjenge av blautdyr har ein vesentleg effekt på den lokale utbreiinga av riksetraner. Når ei riksetrane finn ein eplesnigel, ber ho han til ein stad på land eller til grunt vatn og plasserer han i gjørme med opninga vendt opp. Her fjernar ho operculum eller lokket nennsamt og plukkar ut snigelen, oftast utan å bryte opp skalet. Operasjonen tar 10 til 20 sekund. Ofte kan det ligge att haugar av tomme skal.

Ferskvassmuslingar er ei sekundær matkjelde. Mindre vektige byttedyr er landsniglar, insekt, froskar og øgler.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hannar har territorium på fleire hektar i storleik, som dei markerer med lyd og jagar andre hannar bort frå. Reiret er bygd på bakken, i tett flytande vegetasjon, i buskar, eller i tre. Reira er klumpete strukturar av siv, pinnar eller andre material. Kullet er på 5 til 7 egg, egga måler 6,0 cm x 4,4 cm og har ei bakgrunnsfarge som varierer frå gråkvit til gulbrun og til djup oliven, dekt med lysebrune og somme tider lillagrå flekker. Begge foreldra rugar, rugetida er ca. 27 dagar. Ungane er fødd med dun og kan gå, springe og symje. De følgjer foreldra på ei plattform av akvatisk vegetasjon, og vert fôra av begge foreldra. Etter 7 veker har dei full kroppsstorleik og forlèt foreldra etter ca. 16 veker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]