Roger Ruud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roger Ruud (fødd 1. oktober 1958) i Hurdal er ein norsk, tidlegare skihoppar som tevla for Lensbygda Sportsklubb.

Han vann ni verdscuprenn, det fyrste i 1980 og det siste i 1985. Den mest vellukka sesongen kom i 1981, då han vann fem tevlingar i verdscupen. Mellom anna vann han Holmenkollrennet og kom på 2. plass samanlagt i verdscupen, bak austerrikaren Armin Kogler. I 1982 sigra han i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen og vart samanlagt nummer 2 i den tysk-austerrikske hoppveka. Ruud vart noregsmeister 1981 i stor bakke, og 1982 og 1986 i normal bakke. Han vann elles to sølvmedaljar og fire bronsemedaljar under noregsmeisterskapane.

Ruud vart nummer ni og beste nordmann i normalbakken under verdsmeisterskapen 1978 i Lahti. Under vinter-OL 1980 i Lake Placid var han beste nordmann i begge hopprenna. I storbakken vart han då nummer seks og i normalbakken nummer 13. Under ski-VM i Oslo 1982 kom han som fire år tidlegare på niandeplassen i rennet i normalbakken.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Nr 8 i normalbakken i Rælingen
  • 1977: Sølvmedalje i storbakken på Odnes
  • 1978: Bronsemedalje i storbakken på Lillehammer
  • 1979: Nr 4 i begge bakkane; høvesvis i Sprova og i Bærum
  • 1980: Sølvmedalje i normalbakken i Asker, bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 1981: Gullmedalje i storbakken på Odnes
  • 1982: Gullmedalje i normalbakke på Raufoss, bronsemedalje i storbakken på Rena
  • 1983: Nr 9 i storbakken på Lillehammer
  • 1985: Bronsemedalje i normalbakken i Bardu
  • 1986: Gullmedalje i normalbakken på Vang
  • 1987: Nr 4 i storbakken på Odnes

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Roger Ruud har også vunne tre noregsmeisterskap i roadracing.