Rosemarkie

Koordinatar: 57°35′N 4°7′W / 57.583°N 4.117°W / 57.583; -4.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rosemarkie

skotsk-gælisk Roast Maircnidh
Rosemarkie sett frå stranda
Rosemarkie sett frå stranda
Rosemarkie sett frå stranda
Plassering
Rosemarkie is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Geografi
Koordinatar 57°35′N 4°7′W / 57.583°N 4.117°W / 57.583; -4.117
Diverse annan informasjon
Postnummer IV10 8
Commons har multimedium som gjeld: Rosemarkie

Rosemarkie (skotsk-gælisk Roast Maircnidh) er ein landsby i regionen Highland i Skottland, austom den nærliggande byen Fortrose. Begge dannar til saman «Den kongelege burgh av Fortrose og Rosemarkie», og ligg omtrent 32 km nordaust for Inverness.

Rosemarkie er ein tidlegare bustad frå oldtida av piktarar, noko som ein ser av eit dusin piktiske steinmonument, og landsbyen er i dag truleg best kjent for samlinga si av særs utsøkte utskorne piktiske bautasteinar. Det er ein av dei største samlingane på ein stad i Skottland. Skulpturane frå 700- og 800-talet som vart funne i og rundt kyrkjegarden til landsbyen er utstilt i Groam House Museum, eit byhus frå 1700-talet i High Street som er omgjort til museum. Det er ope i sommarmånadane mot eit gebyr. Desse utskorne steinane er bevis på eit tidleg og viktig kloster i Rosemarkie, grunnlagt av (eller knytt til) sankt Moluag (død 592) og Boniface, elles kjent som Curetán (tidleg 700-tal). Skulpturane omfattar blant avbildingar av krossar, fragment av heilagdomar og arkitektoniske stykke. Eit lite fragment av stein frå Rosemarkie er i Museum of Scotland i Edinburgh.

I 1125 grunnla kong David I den første katedralen i Ross her, men då katedralen vart flytta til ein ny bygning i Fortrose på slutten av 1200-talet kom perioden til Rosemarkie i over 700 år som eit viktig eklektisk senter til ein ende.

Rosemarkie har ei stor, ven bukt med utsyner over Fort George og kystlinja langs Moray Firth, og Rosemarkie hevdar å ha ein av dei beste badestrendene langs denne. Ved enden av bukta ved Fortrose ligg Chanonry Point som skal vere det beste staden i Storbritannia for å sjå delfinar.

Rosemarkie er knytt til Inverness med busser frå Highland Country Buses.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]