Rype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Rype


Fjellrype
Fjellrype

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Underfamilie: Tetraoninae
Slekt: Lagopus
Artar
Vitskapleg namn
Lagopus

Rype (Lagopus) er ei lita slekt av skogshøns som inneheld tre artar. I Noreg har me to typar der ein driv jakt på båe: Lirype og fjellrype. Den tredje, kvithalerype, finst berre i Nord-Amerika. Det finst fleire lokale variantar av artane, mellom anna skotsk rype (Lagopus lagopus scoticus), ei underart av lirypa som tidlegare vart rekna som ein eigen art.

Fuglane er standfuglar som held til i kalde område, som nord for polarsirkelen eller i fjella. Om vinteren får dei som regel kvit fjørdrakt. Føtene er fjørdekte, noko som har gjeve rypene det vitskaplege namnet deira. Det greske ordet Lagopus tyder nemleg harefot.

Rypene er hovudsakleg vegetariske, men unge fuglar et òg insekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]