Fjellrype
| Fjellrype | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Galliformes | |
| Familie: | Phasianidae | |
| Underfamilie: | Tetraoninae | |
| Slekt: | Lagopus | |
| Art: | L. muta | |
| Vitskapleg namn | ||
| Lagopus muta
Montin, 1781
|
||
Fjellrype (Lagopus muta eller mutus) er ein fugl av skogshøns. Fjellrype vert ogso kalla for skarv, fjellskarv eller skarvrype.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Høne og stegg (hannfuglen) er om lag jamnstore. Vaksne fuglar veg 400-500 gram og har lengde på 35cm. Dei har gråspragla fjørdrakt. Halefjøra er svarte, men dekkfjøra over desse har same vernefarge som ryggen. Vengene, buken og føtene er kvite. Om vinteren har fuglen kvit drakt, men halefjøra og nebbet er fortsatt svarte. Steggen har ei markert svart stripe mydlo auga og nebbrota. Dette kjenneteiknet har hann ogso i vinterdrakta.
[endre] Forvekslingsart
Fjellrype kan lett forvekslast med lirype. Ein skil dei på at fjellrype har ei ljosgrå farge på hausten. Om vinteren er det vanskelegare.
[endre] Forplanting
Fjellrypa er monogam. Høna legg 7-11 egg i ein senking i bakken og det tar 20-21 dagar å ruge dei ut. Klekkinga skjer i slutten av juni til tidleg i juli.
[endre] Åtferd
Rypene held seg i kull om hausten. Utover seinhausten og vinteren går dei i større flokkar når veret tillet det.
[endre] Utbreiing
Fjellrype lever i arktiske og subarktiske nordområde i Eurasia og Nord-Amerika. Fuglen er vanleg i heile Noreg. I hekketida og fram til vinteren held han seg i steinurer og ved grassletter over vierbeltet. I vinterhalvåret søker han ofte lågare i terrenget, og i uvêrsperiodar heilt ned i bjørkeskogen. På linje med lirype er han eit ynda jaktobjekt.
Fjellrype er avbilda i kommunevåpenet til Kiruna.