Safir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safir

Den 423-karat(85 g) blå Logan-safiren
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelAluminiumoksid, Al2O3
Identifikasjon
FargeOfte blå, men varierer
Krystallformmassiv og korna
KrystallsystemTrigonal
Symbol (32/m)
Romgruppe: R3c
Kløyvingen
Brotmuslig, fliesete
Mohs hardleiksskala9.0
Glansglasaktig
Strekfargekvit
Spesifikk vekt3.95–4.03
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparAbbetal 72.2
Brytingsindeksnω=1.768–1.772
nε=1.760–1.763,
dobbeltbryting 0.008
PleokroismeKraftig
Smeltepunkt2030–2050 °C
Smeltbarheitusmelteleg
OppløyselegheitUoppløyseleg
Andre eigenskaparlengdeutvidingskoeffisient (5.0–6.6)×10−6/K

Safir (frå gresk σάπφειρος; sappheiros, 'blå stein') er ein særs verdfull, blå edelsteinvariant av mineralet korund, eit aluminiumoksid (α-Al2O3), når fargen er ein annan enn raud eller mørk rosa. Dersom det er tilfelle blir edelsteinen kalla rubin, og blir sett på som ein eigen type edelstein. Spor av andre grunnstoff som jarn, titan eller krom kan gje fargar som korundblå, gul, rosa, purpur, oransje eller ein grønaktig farge. Rosa-oransje safir blir òg kalla padparadscha. Rein krom er ei særskilt ureining for rubinar. Men ein kombinasjon av t.d. krom og titan kan gje ein safir som er ulik frå raud.

Safirar er vanleg nytta i smykke. Safir kan finnast naturleg i ulike sedimentære bergartar eller steinformasjonar eller dei kan bli produserte kunstig i form av store krystallar, boules, for både industriell eller dekorativ bruk.

Gode safirar kjem særleg frå Kashmir, Thailand og Sri Lanka. Det er ein sjeldan rubinførekomst ved Froland i Aust-Agder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]