Sarah Churchill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sarah Churchill, hertuginne av Marlborough, av Charles Jervas, etter 1714

Sarah Churchill, hertuginne av Marlborough (5. juni 166018. oktober 1744) var ei nær venninne av dronning Anne av Storbritannia og ei av dei mest påverkande kvinnene i britisk hisorie.

Venskapen og påverkande ho hadde på prinsesse Anne var velkjend og viktige personar tok ofte kontakt med Sarah Churchill for at ho skulle påverke Anne. Som følgje gjorde kunnskapen Sarah hadde om regjeringa då Anne vart dronning, ho til ein mektig ven og ein farleg fiende.

På ei tid då bryllaup hovudsakleg var basert på pengar, ikkje kjærleik, hadde Sarah eit uvanleg nært forhold til ektemannen, John Churchill, den første hertugen av Marlborough, som ho gifta seg med i 1677. Sarah fungerte som agent for Anne etter at faren hennar, Jakob II vart avsett under den ærerike revolusjonen og ho hjelpte fram ønskene hennar under styret til etterkomaren etter Jakob, Vilhelm III og Maria II. Då Anne kom til trona etter at Vilhelm døydde i 1702, vart hertugen av Marlborough, i lag med Sidney Godolphin, den første jarlen av Godolphin, regjeringssjefar, delvis som følgje av den nære venskapen mellom kona og dronninga. Då hertugen var ute av landet å kommanderte dei britiske styrkane under den spanske arvefølgjekrigen heldt Sarah han oppdatert om intrigane i hoffet, med han sendte ho anmodningar og politiske råd som ho la fram for dronninga.[1] Sarah støtta alltid Whig-partiet, men brukte òg mykje tid på byggprosjekt som Blenheim Palace. Ho døydde i 1744, 84 år gammal.[2]

Ho var ei viljesterk kvinne som ønskte å få ting slik som ho ville det, og testa ofte tolmodet til dronninga når ho var usamd med ho politisk eller innan andre saker. Dronninga sparka både Sarah og mannen hennar frå hoffet i 1711, men ho kom attende til hoffet då hannoverane tok over trona etter Anne døydde. Ho hadde kjende usemjer med mange viktige folk, som dottera til den andre hertuginna av Marlborough; arkitekten av Blenheim Palace, John Vanbrugh; statsminister Robert Walpole; kong Georg II og kona hans dronning Caroline. Pengane ho arva frå Marlborough-fondet gjorde ho til ei av dei rikaste kvinnene i Europa.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murray, s. 12, 13 vol 1
  2. Field, s. 453.
  3. Falkner, Churchill , Sarah, duchess of Marlborough (1660–1744). Henta 27. mai 2011.
  4. Field, s. 315.