Sassari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sassari
Byvåpenet til Sassari
Byvåpenet til Sassari


Plassering
Sassari is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sardinia
Sassari
Borgarmeister Gianfranco Ganau
Geografi
Flatevidd
 - By

546,08 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

128,661
  235.5/km²
Koordinatar 40°44′″N 8°33′″EKoordinatar: 40°44′″N 8°33′″E
Høgd over havet 225 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 7100
Telefon-retningsnummer 079
Nettstad: www.comune.sassari.it


Sassari


Sassari (sassarisk Sassari) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Sassari i regionen Sardinia. Med om lag 130 000 innbyggjarar er han den nest største byen på Sardinia etter Cagliari. Sassari er òg ein av dei eldste byane på øya og har kanskje den flottaste samlinga av sardisk kunst.

Domkyrkja St. Nicholas i Sassari.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sassari vart truleg grunnlagd tidleg i mellomalderen av innbyggjarane frå den gamle romerske hamnebyen Turris Lybisonis (i dag Porto Torres, som til då hadde vore den viktigaste byen på øya) etter at sarasenarar plyndra langs kysten frå sjøen. Landsbyen Tathari vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1113. Sassri vart plyndra av genuesarane i 1166. Innflyttinga haldt fram og tidleg på 1200-talet var Sassri den folkerikaste byen i giudicato av Torres. Etter at den siste domaren i denne giudicatoen vart myrda i 1274 vart Sassari underlagd Republikken Pisa med delvis sjølvstende.

I 1294 vart Pisa erobra av Genova sin flåte i slaget ved Meloria, og byen vart heilt sjølvstendig. Han var den første og einaste frie kommunen på Sardinina og vart ein alliert av Genova.

Frå 1323 og fleire hundreår framover kom byen inn under Aragon, men gjorde fleire opprør. Genova prøvde å erobre byen, men klarte det ikkje. I 1391 vart han erobra av Brancaleone Doria og Marianus V av Arborea til Giudicato av Arborea, der han vart hovudstad, men i 1420 kom han igjen tilbake til Aragon. Aragon vart erstatta av spanjolane i 1479. I 1527 vart han plyndra av franskmennene. Under Catalonia og så Spania vart byen kalla Sàsser. Byen leid av at han vart økonomisk utnytta, i tillegg til korrupte leiarar. I 1528 og 1652 vart han råka av pest.

Ein periode under Det tysk-romerske riket (1708-1717) vart etterfulgt av Kongedømet Sardinia (1720-1861), før Sassari vart ein del av det nye Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sassari

Kjelder[endre | endre wikiteksten]