Cagliari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cagliari
Cagliari Panorama.jpg
Plassering
Cagliari is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sardinia
Cagliari
Grunnlagd Rundt 600-talet fvt.
Borgarmeister Emilio Floris
Geografi
Flatevidd
 - By

85,45 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

160 770
  1881.42/km²
Koordinatar 39°14′″N 9°3′″EKoordinatar: 39°14′″N 9°3′″E
Høgd over havet 4 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 9100
Telefon-retningsnummer 070
Nettstad: www.comune.cagliari.it

Cagliari (gresk Καράλις, Karális; latin Carales og Caralis; katalansk Càller; sardisk Casteddu) er ein by i Italia. Han er hovudstad i både provinsen Cagliari og regionen Sardinia med om lag 160 000 innbyggjarar. Om lag 500 000 bur i storbyområdet kring byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Cagliari har vore busett sidan førhistorisk tid. Han ligg fint til mellom sjøen og ei frodig slette og er omringa av to myrområde (som fungerte som forsvarsverk mot fiendar som kom frå land). Han ligg nær høgre og grøne fjell (der folk kunne søke tilflukt om alt anna gjekk tapt).

Under namnet Karalis vart han grunnlagd rundt 600-talet fvt. som ein av fleire fønikiske handelskoloniar på Sardinia, inkludert Sulcis, Nora og Tharros, som vart grunnlagd frå Tyre. Karatagarane har fått æra for grunnleggjinga av geografen Pausanias og fungerte som ei glimrande hamn for handel og kommunikasjon mot Afrika. Byen er ikkje nemnd då romarane erobra øya, men under den andre punarkrigen fungerte han som hovudkvarter for pretorianaren T. Manlius og frå her sett han ut mot Hampsicora og kartagarane (Livius xxiii. 40, 41).

Under borgarkrigen mellom Cæsar og Pompeius valde innbyggjarane i Caralis Cæsar si side, noko dei andre byane på Sardinia òg snart gjorde. Cæsar sjølv var innom her med flåten sin då han var på veg heim frå Afrika. (Hirt. B. Afr. 98.) Eit par år seinare fall Sardinia til Menas, løyntnanten til Sextus Pompeius og Caralis var den einaste byen som gjorde motstand, men vart erobra etter ei kort omleiring. (Dion Cass. xlviii. 30.)

Byen er ikkje nemnd under Romarriket, men haldt truleg fram som hovudstad på øya, og sjølv om han ikkje vart ein koloni, fekk innbyggjarane status som romerske borgarar. (Plin. iii. 7. s. 13; Strabius v. s. 224; Mela, ii. 7; Itin. Ant. s. 80, 81, 82,) Etter Vestromarriket sitt fall kom byen og resten av Sardinia inn under vandalane, men ser ut til å ha vorte viktig igjen i mellomalderen.

Giudicato av Cagliari[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Giudicato av Cagliari.

Etter vandalane kom byen inn under Austromarriket og vart så hovudstad i eit sjølvstendig kongedøme eller giudicato med same namn, styrt av ein giudice eller judike. Byen vart derimot forlatt i denne sjølvstendige perioden på grunn av stadige åtak frå mauriske sjørøvarar. Mange folk forlét Cagliari og grunnla ein ny by (kalla Santa Igia) i eit område nær Santa Gilla-myra vest for Cagliari, men lenger borte frå sjøen. Giudicato av Cagliari utgjorde ein stor del av Campidanosletta. Det var tre andre sjølvstendige giudicati på Sardinia: Logudoro (eller Torres) i nordvest, Gallura i nordaust, og i aust det mest kjende og langvarige Giudicato av Arborea, med Oristano som hovudstad..

1000-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1000-talet erobra Republikken Pisa Giudicato av Cagliari, etter å ha erobra Sulcis-området i sørvest og bygde opp att byen for seg sjølv. Pisa var ein av dei fire italienske «maritime republikkane» som i mellomalderen kjempa om kontroll i Middelhavet og handelsrutene der. Dei andre var det kortvarige Hertugdømet Amalfi, Republikken Genova og Republikken Venezia. Pisa og Genova hadde begge interesser på Sardinia, sidan det var ein perfekt strategisk base for å kontrollere handelen mellom Italia og Nord-Afrika.

Pisa bygde festningsverk i Cagliari, mellom anna to kjende kvite kalksteinstårn teikna av arkitekten Giovanni Capula (opphavleg tre tårn ved dei tre portane inn i byen.

I 1089 kom Constantine Salusio de Lacon til syne med tittelen rex et iudex Caralitanus («Konge og domar av Cagliari»).

Romersk amfiteater.

1300-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1300-talet erobra kongedømet Aragon Cagliari etter eit slag mot Pisa og hadde planar om å erobre heile Sardinia. Då målet var nådd var Cagliar det nye administrative senteret i visekongedømet Sardina, som seinare kom inn under Det spanske riket. Perioden under det spanske styret var ein periode med forfall for Cagliari og Sardinia.

Bastionen St. Remy.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1700-talet, etter ein kort periode under dei austerrikske habsburgarane, kom Cagliari og Sardina inn under Huset Savoie i 1720. Som herskarar over Sardinia tok Savoie tittelen kongar av Sardinia. Kongedømet Sardinia bestod av Savoie og Nice (i dag i Frankrike), Piemonte og Liguria, i tillegg til Sardinia. Sjølv om namnet var kongedømet Sardinia låg hovudstaden i Torino på det italienske fastlandet, der Savoie-familien hadde residens. Parlamentet låg òg i Tornio og medlemmane her var stort set aristokratar frå Piemonte.

Mot slutten av 1700-talet, etter den franske revolusjonen, prøvde Frankrike å erobre Cagliari fordi han hadde ei strategisk plassering i Middelhavet, men dei vart slått av sardarar som valde å forsvare seg sjølv. Folket i Cagliari håpte på å få belønning frå Savoie mot at dei klarte dette på eiga hand, som t.d. representantar i parlamentet til kongedømet, men då Savoie nekta gjorde innbyggjarane opprør og kasta alle Savoie sine representantar og folk frå Piemonte ut av byen. Denne hendinga vert i dag feira i Cagliari under Die de sa Sardigna (Den sardiske dagen) den siste helga i april. Savoie fekk derimot kontroll over byen igjen etter ein kort periode med sjølvstyre.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Frå 1870-åra med samlinga av Italia voks byen raskt. Det vart ført opp mange nye og flotte bygg, ofte dekorert med tradisjonell sardisk blomsterdekor, som rådhuset i kvit marmor nær hamna. Ottone Bacaredda er kjend for dei valdelege handlingane mot streikande arbeidarar på byrjinga av 1900-talet.

Under den andre verdskrigen vart Cagliari hard råka av dei allierte sine bombetokt i februar 1943. For å sleppe unna bombinga og elenda i byen, flytta mange til landsbygda, der dei ofte budde hos vener eller slektningar i overfylte hus. Denne flykten frå byen vert kalla «sfollamento» (desertering).

Etter den italienske våpenkvilen med dei allierte i september 1943 tok den tyske hæren kontroll over Cagliari og øya, men trekte seg etter ei stund roleg tilbake til det italienske fastlandet. Amerikanarane tok så kontroll over Cagliari, som vart rekna som ein strategisk viktig stad midt i Middelhavet. Det låg mange flyplassar rundt Cagliari (Elmas, Monserrato, Decimomannu, i dag ein NATObase) der fly kunne fyke til Nord-Afrika, det italienske fastlandet eller Sicilia.

Etter krigen har folketalet i Cagliari gått opp att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]