Saturnmånen Ymir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ymir
Oppdaging
Oppdagarar Brett J. Gladman og John J. Kavelaars
Oppdaga dato 7. august 2000
Baneparametrar
Store halvakse 23 130 000 km
Eksentrisitet 0,3339°
Omløpsperiode 3å 219d 14t 0m 0,0s
Banehelling 173°
Er ein satellitt til Saturn
Fysiske eigenskapar
Middeldiameter 16,0 km
Masse 4,900·1015 kg
Middeltettleik 2300 kg/m³
Overflategravitasjon ukjend
Unnsleppingsfart ukjend
Rotasjonsperiode  ?
Aksehelling  ?°
Albedo 0,06
Overflatetemp. ukjend
Atmosfære ingen

Ymir er ein av månane til planeten Saturn. Han blei oppdaga i august 2000 med teleskopet ESO/MPI frå det sørlege europeiske observatoriet i Chile og fekk den mellombelse nemninga S/2000 S 1. Månen er òg kjent under nemninga Saturn XIX. Seinare har Den internasjonale astronomiske unionen vedteke å kalla han opp etter jotunen Ymir frå den norrøne gudelæra. Dette braut med tradisjonen John Herschel hadde starta i 1847 med å kalla opp saturnmånar etter titanane, men følgjer likevel temaet med kjemper frå ein gammal mytologi.

Samanlikna med andre saturnmånar har Ymir har ein forholdsvis høg massetettleik, og ein trur han er sett saman av ei blanding av vassis og steinmateriale. Månen har ei temmeleg mørk overflate som berre kastar tilbake 6 % av lyset som treffer ho.