Saturnmånen Enceladus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Oppdaging | |
|---|---|
| Oppdagar | William Herschel |
| Oppdaga dato | 1789 |
| Baneparametrar | |
| Store halvakse | 238 020 km |
| Eksentrisitet | 0,0045 |
| Omløpsperiode | 32t 53m 07s |
| Banehelling | 0,02° |
| Er ein satellitt til | Saturn |
| Fysiske eigenskapar | |
| Middeldiameter | 498,8 km |
| Masse | 8,6·1019 kg |
| Middeltettleik | 1,3 g/cm3 |
| Overflategravitasjon | 0,079 m/s2 |
| Unnsleppingsfart | 716 km/t |
| Rotasjonsperiode | 32t 53m 7s (bunden) |
| Aksehelling | 0° |
| Albedo | 0,99 |
| Overflatetemp. | 70K |
| Atmosfære
(konsentrert over sørpolen) |
91% vassdamp 4% nitrogen 3,2% karbondioksid 1,7% metan[1] |
Enceladus er den niande inste månen til Saturn og blei oppdaga av William Herschel i 1789. Overflata er veldig lys, og nesten 100 % av solstrålane blir reflekterte. Det gjer at månen er veldig kald, berre -201° C. Enceladus er faktisk det mest reflekterande objektet i solsystemet som er funne, han er au ein av dei få månane som har atmosfære. Dette blei oppdaga av Cassini-Huygens i mars 2005. Månen er ein av tre objekt i det ytre av solsystemet som er vulkansk aktive (i lag med jupitermånen Io og neptunmånen Triton), då han har isfontenere på sørpolen som stadig sender ut ispartiklar kilometervis ut i verdsrommet. Desse isfontenane er opphavet til Saturns E-ring.
[endre] Fotnotar
- ↑ Waite, J. H.; et al.; (2006); «Cassini Ion and Neutral Mass Spectrometer: Enceladus Plume Composition and Structure», Science, Vol. 311, No. 5766, s. 1419–1422