Saverne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saverne
Chateau des Rohans i Saverne
Chateau des Rohans i Saverne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Bas-Rhin
Geografi
Flatevidd
 - By

26,01 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

11 201
  431/km²
Koordinatar 48°44′″N 07°22′″EKoordinatar: 48°44′″N 07°22′″E
Høgd over havet 200 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 67700
Heimeside: www.mairie-saverne.fr

Saverne (tysk Zabern) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 11 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten av Vogesane og 45 km nordvest for Strasbourg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saverne vart før i tida kalla Tres Tabernae Cesaris (Cæsar sine tre vertshus), fordi det låg tre vertshus her der reisande ofte byta oksar på grunn av den bratte stiginga opp til Lorraineplatået, og var ein viktig stad i romartida. Etter at staden vart øydelagd av germanske alemannarar vart han bygd opp att på ny av keisar Julian.

Under den tyske bondekrigen vart byen okkupert av opprørarane i 1525, men dei vart driven ut av Antoine, hertug av Lorraine. Byen vart hardt råka under trettiårskrigen, men bispepalasset som då vart øydelagd, vart bygd opp att like etter. I 1852 vart bygningen omgjort av Louis Napoleon til bustad for enkene til riddarar i Légion d'honneur.

Saverne vart erobra av Tyskland i 1871, og annektert av Frankrike igjen etter den første verdskrigen.

I 1913 fornærma ein tysk offiser ei gruppe alsassiske rekruttar med å kalle dei «Wackes», som er eit svært nedsettande uttrykk for alsassarar. Innbyggjarane i byen demonstrerte, noko som førte til ein overdriven militær motaksjon med ulovlege arrestasjonar. Dette er opphav til uttryket zabernisme (frå det tyske namnet på byen), som tyder misbruk av militær makt eller ulovleg åtak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saverne