Saxicola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saxicola


Svartstrupe, S. rubicola Foto: J. Malik
Svartstrupe, S. rubicola
Foto: J. Malik

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Saxicola
Artar
  • Sjå teksten

Saxicola er ei biologisk slekt av ca. 15 artar av små sporvefuglar i flugesnapparfamilien avgrensa til «den gamle verda». Fleire artar i denne slekta har fellesnemningane 'buskskvettar' og 'svartstrupar' på norsk språk. Dei er insektetarar og lever i open krattskog og på grassletter med spreidde småbuskar.

Tidlegare nytta ein det vitskaplege namnet Saxicola torquatus for det ein trudde var eit større takson svartstrupe. Data frå DNA-analysar i 2002 synte at ikkje berre kanariskvett og reunionsvartstrupe er distinkte artar, men i tillegg trengjer afrikasvartstrupe, svartstrupe, Saxicola rubicola og asiasvartstrupe å vere rekna som sjølvstende artar. På grunn av forvekslingar ved tildeling av underarter, vart namnet S. torquatus i kort tid nytta for den europeiske svartstrupen, og den afrikanske svartstrupen blei til S. axillaris.

Studiar tyder på at underarten Saxicola torquatus sibillaMadagaskar kan reknast som ein eigen art,[1] noko som òg er reflektert i IOC-lista.[2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Skvettar og svartstrupar med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3] Saxicola:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Friederike Woog; Michael Wink;Eskandar Rastegar-Pouyani ;Javier Gonzalez ; Barbara Helm (2008). «Distinct taxonomic position of the Madagascar stonechat (Saxicola torquatus sibilla) revealed by nucleotide sequences of mitochondrial DNA». J. Ornithol. 149: 423–430. doi:10.1007/s10336-008-0290-1. 
  2. Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2010. IOC World Bird Names (version 2.5). Available at http://www.worldbirdnames.org/ [Lest 28. august 2010]
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)