Buskskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buskskvett


Buskskvett, vaksen hann.
Buskskvett, vaksen hann.

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae/Muscicapidae
Slekt: Saxicola
Art: S. rubetra
Vitskapleg namn
Saxicola rubetra

Buskskvett (vitskapeleg namn Saxicola rubetra) er ein flugesnappar.

Utsjånad og lyd[endre | endre wikiteksten]

Buskskvetten er brunspraglete med ein gulaktig overgump og kvit stjert med eit svart band i enden. Hannen er rustfarga eller oransje framme frå undersida av nebben og ned til midt på brystet. Buskskvetten er klart mindre enn steinskvetten. Den samanlagde venga er berre 75 mm lang. Totallengda er 12,5 cm, vengespennet 21-24 cm. Eit godt kjennemerke som skil buskskvetten frå steinskvetten er at på denne har overgumpen same farge som ryggen. Buskskvetten sit på ein karakteristisk måte på utkiksposten sin. Kroppen er oppreist, enten fuglen sit på ein gjerdestaur eller i ein loddrett kvist med føtene i ulik høgd. Buskskvetten er livleg, med sprettande rørsler, og let høyre frå seg eit smekkande pip. Songen er reinare og meir vekslande enn steinskvetten sin og inneheld ofte hermestrofer.


Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Det rår ikkje semje om kva for ei fuglefamilie buskskvettslekta høyrer til. Tidlegare vart denne slekta plassert i familien trastefuglar (Turdidae), men i dag vil mange plassere slekta i familien flugesnapparar (Muscicapidae). Arten vert ikkje delt opp i ulike geografiske underartar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Buskskvetten er ganske vanleg i heile Europa så langt nord som til midtre delar av Norden, og går austover inn i vestlege delar av Asia.

Leveområde i Noreg og trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Vanleg hekkefugl i Sør-Noreg, fåtalig i Troms og Finnmark. Fuglen held til i ope landskap, og trivst aller best der det er fuktige enger og myrområde med busker og høg urtevegetasjon. Fuglen går opp i bjørkebeltet. Buskskvettane reiser frå landet i august-september og reiser til Afrika sør for Sahara. Dei kjem attende til Sør-Noreg i byrjinga av mai, to-tre veker seinare kjem dei til Nord-Noreg.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglen et framfor alt smådyr, til eksempel insekt og små sniglar. Buskskvetten finn maten på låge vekstar, i blant også nede på marka eller i lufta.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Buskskvetten i eit godt gøymd reir på marka under ei busk eller i tett vegetasjon. Reiret vert laga av plantedelar fora med fine strå og hår. I Sør-Noreg legg hoa 5-7 grønblå egg i slutten av mai eller først i juni. I Nord-Noreg vert egga lagde i første halvdel av juni. Hoa rugar egga i 12-14 dagar. Deretter vert ungane fora i 14 dagar før dei flyg ut av reiret. Ungane flyg dårleg i starten og held seg på marka. Buskskvetten held seg på eit lite område i hekketida og flyg sjeldan meir enn 150 meter når han leiter etter mat til ungane.

Kjelder og lenkar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Buskskvett