Scarborough Fair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Scarborough Fair» var ein tradisjonell marknad i England og ein tradisjonell engelsk ballade.

Marknaden[endre | endre wikiteksten]

Seint i mellomalderen var Scarborough ein viktig møtestad for handelsmenn frå heile England. I løpet av 45 dagar, frå 15. august vart det halde ein marknad her. Kjøpmenn kom frå heile England, Noreg, Danmark, Baltikum og Austromarriket. Scarborough Fair oppstod etter eit løyve frå kong Henrik III av England den 22. januar 1253. Kjøpmennene trengde òg mat og underhaldning under marknaden, så store folkemengder kom til Scarborough.

Tidleg på 1600-talet førte konkurranse frå andre marknader til at Scarborough-marknaden kollapsa. Ein starta opp marknaden att på 1700-talet, men på grunn av intens konkurranse vart den siste marknaden der halde i 1788.

Balladen[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel soga om ein ung mann, som bed lyttaren fortelje den tidlegare kjærasten hans om å gjere ei rekkje umogelege oppgåver for han, som å lage ei skjorte utan saum, og så vaske ho i ein tørr brønn. Om ho klarar dette skal han ta ho attende. Ofte er songen sungen som ein duett der kvinna gjer kjærasten like vanskelege oppgåver, og lover å gje han den saumlause skjorta når han er ferdig med oppgåvene sine.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Are you going to Scarborough Fair?
Parsley, sage, rosemary and thyme,
Remember me to one who lives there,
She once was a true love of mine.
Tell her to make me a cambric shirt,
Parsley, sage, rosemary and thyme,
Without no seam nor needle work,
Then she'll be a true love of mine.
Tell her to find me an acre of land,
Parsley, sage, rosemary and thyme,
Between the salt water and the sea strand,
Then she'll be a true love of mine.
Tell her to reap it with a sickle of leather,
Parsley, sage, rosemary and thyme,
And to gather it all in a bunch of heather,
Then she'll be a true love of mine.
Are you going to Scarborough fair?
Parsley, sage, rosemary and thyme,
Remember me to one who lives there,
She once was a true love of mine.

Nyare versjonar[endre | endre wikiteksten]

1940- og 1950-åra[endre | endre wikiteksten]

Melodien vart nytta av i Fritz Lang-filmen Man Hunt i 1941.

Ein av dei tidlegaste, kanskje den tidlegaste, innspelinga på plate vart gjort av skodespelar og songar Gordon Heath og Lee Payant. Dei spelte inn songen på Elektra-albumet Encores From The Abbaye i 1955.[1][2]

Simon & Garfunkel[endre | endre wikiteksten]

Scarborough Fair/Canticle
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
Utgjeve februar 1968 (singel) 10. oktober 1966 (album)
Innspelt desember 1965 -
august 1966
Sjanger Folk
Lengd 3:10
Selskap Columbia Records
Produsent Bob Johnston
Simon & Garfunkel-kronologi
«Fakin' It»
(1967)
Scarborough Fair/Canticle «Mrs. Robinson»
(1968)

Arrangementet som er gjort kjend av Simon & Garfunkel, som «Scarborough Fair/Canticle», sprang ut frå midten av 1900-talet. Paul Simon lærte han i 1965 i London av Martin Carthy, som igjen hadde lært songen frå songboka til Ewan MacColl og Peggy Seeger, The Song Island.[2] Art Garfunkel la så på motmelodien «Canticle», ei omarbeiding av Simon sin «The Side of a Hill» frå 1963, med ny antikrigstekst. Songen vart den første songen på Parsley, Sage, Rosemary and Thyme i 1966 og seinare gjeven ut som singel etter at han vart nytta i filmmusikken til The Graduate i 1968.

Før Simon lærte songen hadde Bob Dylan lånt melodien og fleire linjer frå Carthy sitt arrangement i songen «Girl from the North Country» som finst på The Freewheelin' Bob Dylan (1963), Nashville Skyline (1969) (i lag med Johnny Cash), Real Live (1984) og The 30th Anniversary Concert Celebration (1993).

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er Justin Hayward frå The Moody Blues, Euroboys, Sarah Brightman, Glen Campbell, Cordelia's Dad, Delfonics, Vicky Leandros, Sandie Shaw, Brian the Folksinger, Hannah Fury, Gregorian, Sérgio Mendes & Brasil '66, Wes Montgomery, Al Di Meola, Herbie Hancock, Nana Mouskouri, Queensrÿche, Martin Carthy, Marienne Faithfull, Harry Belafonte, Roger Whittaker, Frank Underwood, Midori, Medwyn Goodall, The Mighty Boosh, Johnny Dean, Urban Trad, the Mediaeval Baebes, Triniti, Hayley Westenra, One More Grain, Bert Jansch, K.I.A., Luar na Lubre, Steve Von Till, Mägo de Oz, Aya Matsuura, Chihiro Yonekura, King's Singers og Angelo Branduardi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]