Nashville Skyline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nashville Skyline
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 9. april 1969
Innspelt 12. til 21. februar 1969
Sjanger Country, countryrock
Lengd 27:14
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
John Wesley Harding
(1967)
Nashville Skyline Self Portrait
(1970)

Nashville Skyline er det niande albumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i april 1969.

Albumet markerte ei stor endring for Dylan, som tidlegare var kjend for banebrytande, poetisk folkemusikk og rock'n'roll. Nashville Skyline, bygde vidare på den landlege stilen han eksperimenterte med på John Wesley Harding, og heile albumet er i countrystil. Albumet har eit meir grunnleggande tema, enkel songstrukturar og ei sjarmerande husleg kjensle. Dylan syng songane med ei heilt anna stemme enn han tidlegare nytta, langt mjukare og kjenslemessig.

Resultatet vart stort sett positive reaksjonar frå kritikarane og det vart ein kommersiell suksess. Albumet nådde tredjeplassen i USA og var det fjerde albumet til Dylan som gjekk til topps i Storbritannia. I Noreg nådde albumet andreplassen og låg 27 veker inne på lista.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I februar 1969 vendte Dylan attende til Nashville for å starte på Nashville Skyline. Det hadde gått over eitt år sidan det førre albumet, John Wesley Harding, kom ut og det var femten månader sidan sist han var i studio.

Dylan spelte inn i Columbia sitt Studio A og starta innspelinga 13. februar 1969 med endelege opptak av «To Be Alone With You», «I Threw It All Away» og «One More Night». Dylan gjorde òg fleire forsøk på «Lay Lady Lay». Både «I Threw It All Away» og «Lay Lady Lay» vart skrivne i 1968, dei få songane Dylan skreiv dette året.

Songane på Nashville Skyline var særs tilbakelente og det same var innspelinga. I følgje Dylan tok han berre ein song, starta å spele, og så fekk dei andre henge seg på etter kvart. Dylan song songane med ein mjuk, country-aktig vokal og mange lyttarar vart overraska over denne «nye» stemma.

Ferdige opptak av «Peggy Day», «Tell Me That Isn't True», «Country Pie» og «Lay Lady Lay» vart gjort ferdige den 14. februar. Dei to neste dagane var det pause og Dylan skreiv då «Tonight I'll Be Staying Here With You». Innspelinga heldt fram 17. februar og «Tonight I'll Be Staying Here With You» vart då spelt inn. Ein instrumental, «Nashville Skyline Rag», vart òg spelt inn på starten av dagen, og seinare teke med på albumet.

Ein gong under innspelinga kom countrylegenda Johnny Cash på besøk. Han var ein ven av Dylan og på same plateselskap. Dei to slo seg saman og spelte inn fleire duettar. Dei fleste av desse vart ikkje rekna som brukande, men Cash kom attende dagen etter for å spele inn fleire duettar. Dei spelte då inn «One Too Many Mornings» og «I Still Miss Someone», «Matchbox», «That's All Right Mama», «Mystery Train», «Big River», «I Walk the Line» og «Guess Things Happen That Way», gamle Sun-klassikarar spelt av Carl Perkins, Elvis Presley og Cash sjølv. Ingen av desse vart rekna som brukande. Dei spelte òg inn «Blue Yodel #1» og «#5», «Ring of Fire», «You Are My Sunshine», «Good Old Mountain Dew», «Careless Love», «Just A Closer Walk With Thee», «Five feet high and rising» og «Wanted Man». Ingen av desse vart heller nytta. Den einaste songen som vart nytta var ein duett med Dylan på «Girl from the North Country» (som opphavleg kom ut på The Freewheelin' Bob Dylan).

Det vart lagt på nokre fleire lydspor frå 19. til 21. februar og albumet var så ferdig.

Songar[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til andre countryrock-utflukter, som The Byrds sitt Sweetheart of the Rodeo, var Nashville Skyline langt meir basert på moderne country enn landleg folkemusikk. I 1969 hadde country vorte ein populær trend som flytta seg bort frå røtene sine og nærare popmusikk. Nashville Skyline følgde denne trenden og inneheldt fleire klisjear frå denne sjangeren.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Nashville Skyline vart gjort ferdig og gjeven ut i mai 1969. Nashville Skyline vart eit av dei bestseljande albuma til Dylan. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, som alle fekk mykje speletid på radio. Trass i den dramatiske musikalske og tekstmessige endringar, fekk Nashville Skyline god kritikk. Dylan heldt sine første konsertar sidan januar 1968 etter albumet kom ut, mellom anna på Isle of Wight FestivalIsle of Wight i England. Han hadde planar om å legge ut på turne etter festivalen, men dette skjedde ikkje, og det vart først i 1974 at Dylan igjen la ut på turne.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Girl from the North Country (med Johnny Cash)»   3:41
2. «Nashville Skyline Rag (Instrumental)»   3:12
3. «To Be Alone with You»   2:07
4. «I Threw It All Away»   2:23
5. «Peggy Day»   2:01
Side to
# Tittel Lengd
6. «Lay Lady Lay»   3:18
7. «One More Night»   2:23
8. «Tell Me That It Isn't True»   2:41
9. «Country Pie»   1:37
10. «Tonight I'll Be Staying Here with You»   3:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]