Sidensvans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sidensvans


Sidensvanshann. Foto: Peter Gerstbach
Sidensvanshann.
Foto: Peter Gerstbach

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Bombycillidae
Slekt: Bombycilla
Art: B. garrulus
Vitskapleg namn
Bombycilla garrulus

Sidensvans (Bombycilla garrulus) er ein sporvefugl som finst i det nordlege Europa, Asia og Nord-Amerika. Sidensvansen er ein trekkfugl som overvintrar i Nord-Europa. Fuglane trekk lenger mot sør etterkvart som det vert lite bær og frukt. Derfor varierer det kor langt sør dei dreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sidensvansen er om lag 20 cm lang. Hoa og hannen er omtrent like. Fuglen er raudgrå med svart strupe, eit svart band gjennom augene og gul stjertspiss. Han er lett å kjenne på den høge, raudbrune fjørtoppen på hovudet, gilde raude og gule terningar på vengjene og stjerten og fin trillande låt. Han er ein selskapeleg fugl. Flukta er rask, og liknar på staren si.

Lokketonen er kortare eller lengre trille, som ei elektrisk ringeklokke — «ssrrriiii».

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Fuglen har reir i tre; av kvistar, mose,skjegglav og strå. Egga er kvitaktige med mørkare punkt og flekkar. Rugetida er på ca.14 dagar. Ungane blir i reiret 15-17 dagar. Hoa og hannen matar med oppgulp. Sidensvansen rugar uregelmessig i furuskogen i Finnmark og sjeldan sørover til Trøndelag, Nordmøre og Hedmark.

I hekketida lever sidensvansen for det meste av insekt. Om vinteren et han bær og frukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sidensvans