Sirimavo Bandaranaike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sirimavo Bandaranaike

Sirimavo Ratwatte Dias Bandaranaike (17. april 191610. oktober 2000), kjend som Sirimavo Bandaranaike eller ganske enkelt Mrs. B, var ein srilankisk politikar og verdas første kvinne vald til å styra eit land. Gjennom eit langt politisk liv blei ho opphøgd til landsmoder og elska av mange, men var òg skulda for maktmisbruk og å så splid mellom dei ulike folkegruppene i landet. Bandaranaike var statsminister i periodane 19601965 og 19701977, og hadde same stillinga frå 1994 fram til året ho døydde. Dotter hennar, Chandrika Kumaratunga, var president for Sri Lanka frå 1994 til 2006.

Liv og politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sirimavo Ratwatte var fødd inn i toppen av den singalesiske overklassen. Familien var buddhistar, men ho blei utdanna ved ein katolsk skole i Colombo. Tjuefire år gammal gifta ho seg med landeigaren Solomon Bandaranaike, og dei fekk tre ungar.

Ho kom inn i politikken etter at ektemannen, som då var statsminister, blei drepen av ein ytterleggåande buddhistmunk i september 1959. Sirimavo erstatta mannen som leiar for Det srilankiske fridomspartiet (SLFP), som han hadde grunnlagd, og haldt denne posten i heile 40 år. Ho blei vald til statsminister året etter, den 20. juli 1960.

Berg-og-dalbane[endre | endre wikiteksten]

I 1962 slo Sirimavo Bandaranike ned eit kuppforsøk. To år seinare blei ho felt av eit mistillitsforslag og nedstemt i valet som følgde. Men i 1970 fekk alliansen hennar eit solid fleirtal i parlamentsvalet, og Bandaranaike blei statsminister igjen. I 1972, under den andre perioden til Bandaranike, fekk landet ein ny grunnlov, og den britiske samveldestaten Ceylon blei til republikken Sri Lanka.

Etter 16 månader ved makta truga eit marxistisk opprør med å avsetja Bandaranike, ettersom den srilankiske hæren ikkje var i stand til å slå det ned, men Bandaranike fekk militærhjelp frå både India og Pakistan til å slå ned oppstanden. Ein reknar med at oppimot 20 000 blei drepne, dei fleste opprørarar.

Sri Lanka opplevde år med arbeidsløyse, inflasjon, matmangel og aukande etnisk konflikt, og Bandaranaike blei gjeven mykje av skulda. Partiet hennar, SLFP, tapte valet i 1977, og i 1980 blei Sirimavo Bandaranaike dømt for maktmisbruk som statsminister og frådømt retten til å halda politiske postar i sju år. Ho mista dermed òg setet sitt i parlamentet. Dei neste sytten åra høyrde ho til den srilankiske opposisjonen.

I 1986 fekk Bandaranaike igjen retten til å ha politiske verv. Ho tapte såvidt valet om presidentembetet i 1988, men blei gjeven den mindre viktige statsministerposten igjen då dottera Chandrika Kumaratunga, blei vald til president i 1994. Bandaranaike, som lei av diabetes og smerter i føtene som gjorde at ho måtte bruka rullestol, trekte seg ut av politikken ein månad før ho døydde. Like etter at ho hadde stemt ved parlamentsvalet i 2000 omkom ho av eit hjarteslag, 84 år gamal.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Som den avdøde ektemannen var Bandaranaike ein overtydd sosialist. Ho nasjonaliserte store delar av økonomien, som bankvesen og forsikring, og seinare te- og gummiproduksjon, private føretak, aviser og religiøse skular. Som følgje av overtakinga av utanlandske selskap innleidde USA og Storbritannia ein u-hjelpsblokkade av landet, noko som igjen fekk Bandaranaike til å nærma seg Kina og Sovjetunionen meir.

Bandaranaike stod òg bak avgjerda om å gjera singalesisk til einaste statsspråket i Sri Lanka, der ein tidlegare òg hadde brukt engelsk. Av den tamilske minoriteten i landet blei dette sett på som eit ledd i ein kampanje for å stilla dei på sidelinja, og ei tid med uro fekk Bandaranaike til slutt til å erklæra unntakstilstand i landet.

Medan ho med tida mista mykje tillit i heimlandet, var Bandaranaike stadig respektert internasjonalt, og i 1976 blei ho vald til formann i Organisasjonen av Alliansefrie Nasjonar (Non-Aligned Movement, NAM).

Familie og vennskap i politikken[endre | endre wikiteksten]

Medan dottera Chandrika Kumaratunga blei med i fridomspartet til mora, gjekk sonen Anura Bandaranike inn i det rivaliserande United National Party (UNP), men også han gjekk seinare inn i SLFP. Begge ungane har hatt leiande stillingar i srilankisk politikk. Mora er blitt skulda for å spela dei to mot kvarandre, og gjekk sjølv imot dei politisk fleire gonger.

Sirimavo Bandaranike stod den indiske statsministeren Indira Gandhi nær. Dei kom frå same slags overklassebakgrunn, hadde begge blitt enkjer tidleg, og var begge kvinnelege makthavarar i mannsdominerte samfunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]