Skraphalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skraphalar


Stripeskraphale (hann), Orthonyx temminckii
Stripeskraphale (hann), Orthonyx temminckii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Orthonychidae
Slekt: Orthonyx
Artar
Vitskapleg namn
Orthonyx

Skraphalar er tre fugleartar som utgjer den biologiske slekta Orthonyx. Slekta er i dag plassert i sin eigen familie Orthonychidae. Desse sporvefuglane er endemiske til Australia og Ny-Guinea. Kjenneteiknet for skraphalar er brei, kraftig stjert med stive fjørskaft. Dei stør seg på stjerten når dei tar opp føde.

Stripeskraphalar.

Stripeskraphale, Orthonyx temminckii, er frå søraustlege Australia, der arten er veldig lokalt utbreidd, og strengt bakkelevande. Vengene har kvite band, og haka, halsen og brystet er heilt kvite hos hannen, men lyst raudoransje hos den hofuglen. Tertiærfjørene, remiges, er særs korte, avrunda og mykje innkurva, det syner ein svak flygar. Halefjørene er svært breie, skafta stive, og mot spissen har dei mothakar. Populasjonen som finst lokalt på Ny-Guinea er no generelt rekna som ein eigen art, papuaskraphale, Orthonyx novaeguineae.

Brilleskraphale, Orthonyx spaldingii, frå nordaust Queensland er mykje større enn dei to andre artane, med ei blekksvart fjørdrakt, hannen har kvit hals, hoa har oransje til raudbrunt på halsen.

Generelt er alle artane bakkelevande fuglar og svake flygarar. Dei byggjer kuppelforma reir på eller nær bakken. Insekt og larver er den viktigaste matkjelda deira. Hannane kan gjere danseoppvisingar som liknar dei ein finn på spelplass med lyrehalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skraphalar