Slørugler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slørugler


Storslørugle Tyto novaehollandiae Foto: Benjamint444
Storslørugle
Tyto novaehollandiae
Foto: Benjamint444

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Tytonidae

Slørugler, òg kalla tårnugler, er ein familie Tytonidae, og den eine av to familiar av ordenen ugler. Den andre familien er typiske ugler, Strigidae. Slørugler er middels til store ugler med stort hovud og karakteristisk hjarteforma andlet. Dei har lange, sterke bein med kraftig klør. Dei skil seg frå Strigidae i strukturelle detaljer, spesielt i brystbein og føter.

Slørugler er ei vidt spreidd fuglegruppe, men finst ikkje i nordlege Nord-Amerika, Sahara store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det mest markerte kjenneteiknet for slørugler er det hjarteforma andletet, danna av stive fjører som tener til å forsterke og lokalisere kjelda til lyder under jakt. Ytterlegare tilpassingar i flygefjører eliminerer vindstøy under flyging, det hjelper fuglen sjølv til å høyre i flukt, og det medverkar til at byttedyr ikkje vert merksam på ugla som jagar. Slørugler har mørkare overside og bakside enn framside, vanlegvis er farga oransjebrun. Fronten har ei bleikare utgåve av ryggfarga, gjerne spetta, men det er store variasjonar sjølv innanfor same arten. Dei to artane i slekta Phodilus skil seg frå Tyto ved å vere litt mindre, har øyreduskar og delt andlet.

Dei fleste av de 16 nolevande artar av slørugler er lite utforska. Somme, som okerslørugla, har knapt vore sett eller studert etter at ho vart funnen, i motsetnad til tårnugla som er ein av dei best kjente ugleartane i verda. Men det finst underartar av arten tårnugle som er svært dårleg kjente og som kan vere verdig å bli skildra som sjølvstendige artar.

Seks artar av slørugler er trua. Slørugler er hovudsakleg nattaktive, generelt ikkje trekkfuglar, og dei lever i par eller enkeltvis.

Artsliste av nolevande artar[endre | endre wikiteksten]

Slørnugler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Tyto

  • Sotslørugle, Tyto tenebricosa, Sooty Owl, LC, Gould, 1845
  • Storslørugle, Tyto novaehollandiae, Australian Masked-Owl, LC, Stephens, 1826
  • Gullslørugle, Tyto aurantia, Golden Masked-Owl, VU, Salvadori, 1881
  • manglar norsk namn, Tyto almae, Seram Masked-Owl, DD, Jønsson, Poulsen, Haryoko, Reeve & Fabre, 2013
  • Tanimbarslørugle, Tyto sororcula, Lesser Masked-Owl, DD, Sclater, 1883
  • Manusslørugle, Tyto manusi, Manus Masked-Owl, VU, Rothschild & Hartert, 1914
  • Taliabuslørugle, Tyto nigrobrunnea, Taliabu Masked-Owl, EN, Neumann, 1939
  • Minahasaslørugle, Tyto inexspectata, Minahassa Masked-Owl, VU, Schlegel, 1879
  • Sulawesislørugle, Tyto rosenbergii, Sulawesi Masked-Owl, LC, Schlegel, 1866
  • Engslørugle, Tyto longimembris, Australasian Grass-Owl, LC, Jerdon, 1839
  • Grasslørugle, Tyto capensis, African Grass-Owl, LC, Smith, 1834
  • Tårnugle, Tyto alba, Barn Owl, LC, Scopoli, 1769
  • manglar norsk namn, Tyto deroepstorffi, Andaman Masked-Owl, Hume, 1875
  • Hispaniolaslørugle, Tyto glaucops, Ashy-faced Owl, LC, Kaup, 1852
  • Okerslørugle, Tyto soumagnei, Madagascar Red Owl, VU, Milne Edwards, 1878

Slekt Phodilus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slørugler