Slave to Love
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Slave to Love Singel av Bryan Ferry frå albumet Boys and Girls |
||
| Utgjeve | 1985 | |
| Innspelt | 1985 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 3:59 (singel) 4:17 (album) |
|
| Låtskrivar(ar) | Bryan Ferry | |
|---|---|---|
| Produsent | Bryan Ferry Rhett Davies |
|
«Slave to Love» er den første singelen som den tidlegare Roxy Music-songaren Bryan Ferry gav ut i 1985 frå albumet Boys and Girls, og ein av dei mest populære solosongane hans. Singelen kom ut 28. april 1985 og låg 9 veker på lista i Storbritannia, der han nådde 10. plass. I Noreg nådde singelen 5. plassen på VG-lista og låg seks veker på lista.
B-sida til singelen var instrumentalen «Valentine». Det vart òg gjeven ut ein 12" miks av singelen.
Andre versjonar [endre]
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Tony Hadley, Willy DeVille, Elan Atias, Jimmy Scott, Martha Wainwright og Dan Kelly og Róisín Murphy
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Slave to Love» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2011.